Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7204 artiklar i dette arkivet.


Randonee-VM: Malin Indergård og Erik Kårvatn inn på niandeplass

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mars 2023

Det var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag.  Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut.  Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa.


Ny tiendeplass for Erik i randonee-VM i Spania – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. mars 2023

Det var knytta stor spenning til dagens konkurranse i BOI TAULL, der Erik Kårvatn representerer Norge i individuell på klasse U20 men.  32 deltakarar stillte på startstreken, og her var det ingen ting å få gratis.  Vinnaren Nils Oberauer frå Østerrike var det igengen ting å gjera med – han leia konkurransen frå start til mål.  På andreplass kom Gheorghe-Petrut Jinga knappe minuttet etter og på tredjeplass  kom italienaren Davide Sambrizzi ca 1 minutt etter.


Berre ein drope i havet, men det hjelper litt!

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2023

Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid.  Støttekonserten gjekk føre seg i Åsskard kyrkje, som var nærast fullsett av aktørar og publikum under arrangementet onsdag kveld.  Aktørane fekk skryt for at dei stilte opp, både store og småe.  


VM: Sterk plassering på vertikalen for Erik

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mars 2023

I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for  U20 men.  Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen.  Først i mål var Oriol Olm Rouppert  frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.  


Tapt og funne – hanskar på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. februar 2023

Er det du som har mista hanskane dine på parkeringsplassen på Tjønnmyran.  Eit par hanskar vart funne der måndag kveld, og du får dei att på Matkroken – ferddig tørka, melder handelsmann Nordvik.


Erik kom til semifinalen i VM – knekte staven

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. februar 2023

Randonee-VM er alt i gang og alt i 8-tida var Erik Kårvatn på startstreken for å kvalifisere seg for å kome vidare til kvartfinale og semifinale.  I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed glatt vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4.   Han kom på 3.-plass i 4. heat i kvartfinalen og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i første av to heat. 


Erik på Spaniatur – klar for nye tak i Boi Taüll

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2023

Erik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee  som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars.   Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.


Tysdag 28.: -Balldag på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 26. februar 2023

På Todalshytta er det balldag tysdag 28. februar, med servering av sildball og potetball mellom kl 15:00 og kl 18:00.  Som tidlegare balldagar kan du sjølv velge om du vil ha potetball eller sildball – fritt val til same pris.  Todalshytta vil gjerne ha din bestilling – ta kontakt via SMS eller telefon 929 97 550 […]


Pink Floyd – premiere med trampeklapp

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. februar 2023

Fredag kveld var det premiere for «Surnadals Hyllest Til Pink Floyd 2023» for fullt hus.  Du verden for ei forestilling med musikk, lys og rytme som vi knappast har sett makan til.  Dyktig aktørar sørga for 2 timar med kulturell underhaldning av beste slag, og publikum honorerte gjengen på scena ståande applaus og trampeklapp.


Plantet ut spirer til nye todalinger

Jon Olav Ørsal Fredag 24. februar 2023

Fra Monika Klungervik på Statkraft har vi fått bilder og info om utplanting av befruktet rogn i Toåa. Det er overskuddsmateriale frå siste års stamfiske i som blir nytta på denne måten – og tilsammen 20.000 befruktede rognkorner satt ut i denne omgangen. Det er viktig at dette materialet får ligge i fred om du oppdager vibertboksene i elvekanten. 


Viktig møteplass – ny næringslivsdag 22. mars

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. februar 2023

Onsdag 22. mars kan du sette av dersom du er interessert i det som skjer i næringslivet på Nordmøre.  Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre ny næringslivsdag – ein viktig møteplass for næringslivet på Nordmøre.  Her kan du skafffe deg nye relasjoner og kontakter, og hente ny motivasjon og nye impulsar. Vi kan snart feire 20-årsjubileum for våre næringslivskonferansar, og har fått mykje positive tilbakemeldingar på våre arrangement og kan vel seie at vi på mange måtar har sett Surnadal på kartet, seier Liv Dalsegg, som er rådgjevar marked i banken.


Med fastelavnris og «Inn på tunet» i saniteten

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. februar 2023

Reordarta sal av fastelavnsris er eit bevis for at Todalen sanitetsforening er godt etablert i bygdesamfunnet – det er no 107 år sia Thora Mæhle Talgø og resten av gjengen starta sanitetsforeninga og arbeidet med folkehelsa.  Sjølv om det ikkje skjer på same måten, så er det like aktuelt den dag i dag.  Berre i Todalen vart det selt fastelavnsris og lerkehjerter for eit femsifra beløp i helga – faktisk rekordarta omsetning.