Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Berre ein drope i havet, men det hjelper litt!

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2023

Det blir berre ein drope i havet, men det hjelper da litt, sa Randi Vetleseter Bøe, da ho ønska velkomen til støttekonset til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid.  Støttekonserten gjekk føre seg i Åsskard kyrkje, som var nærast fullsett av aktørar og publikum under arrangementet onsdag kveld.  Aktørane fekk skryt for at dei stilte opp, både store og småe.  

Sjølv om det blir ein drope i havet så hjelper det litt med ein støttekonsert til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid, sa Randi Vetleseter Bøe

Dei minste aktørane var nok barnekoret Amigos frå Bøfjorden, som imponerte med sin korsong og samtidig viste at det «veks oppiatt» med korsongarar bortafor marka.  Bernt Bøe er dirigent for Prosjekt 17-koret som stillte på konserten, og Bernt er nok kromtappen for heile arrangementet.  Han stillte også opp som tonefølgje for Turid Røen Kroknes som stillte med solosong.  Elles var det fløytespel med Tove Elin Strand, og innslag med strykegruppa til Synnøve Hammervold på Kulturskulen.  og i tillegg vart det sjølvsagt flott allsong med forsterkningar frå både kor og solistar. 

Turit Røen Kroknes var ein av artistane som stillt opp på støttekonserten. Foto Jon Olav Ørsal

Med fullsett kyrkje og i tillegg var det inntekt både av Amigos fastelavnsrid og sal av musikk-CD’ar så vart det nok ein god slump til Kirkens Nødhjelps katastrofearbeid – og er det fleire som vil bidra så er det enda mulig på Vipps nr 141334.   

Barnekoret Amigos frå Bøfjorden stilte opp på konserten – og etter konserten solgte dei fastelavnsris til inntekt for Kirkens Nødhjelp. her saman med leiar Bodil Kvam Aasbø. Foto Jon Olav Ørsal

Tove Elin Strand – dyktig fløytist som viste sine kunster. Foto Jon Olav Ørsal

Kulturskulens strykarar med sin leiar Synnøve Hammervold. Foto Jon Olav Ørsal

Dyktig solit i P17-koret – Gunnhild Settem Täringskog. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 2. mars 2023, 07:00 - Sist oppdatert: 1. mars 2023, 21:31