Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik kom til semifinalen i VM – knekte staven

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. februar 2023

Randonee-VM er alt i gang og alt i 8-tida var Erik Kårvatn på startstreken for å kvalifisere seg for å kome vidare til kvartfinale og semifinale.  I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed glatt vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4.   Han kom på 3.-plass i 4. heat i kvartfinalen og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i første av to heat. 

Erik hamna i første heat i semifinalen – i semifinalen hamna Erik på 9.-plass. Det var 31 som stilte til start i M20-klassen i VM.

Det hardnet nok til i toppen, men Erik klarte å komme på 5.-plass i det førstee heatet, og kom i mål på tida 03:05,570, medan Jon Kistler frå Sveits fikk bestee tid på 02:56,144 – total kom Erik inn på den 9. beste tida frå semifinalane, men tapte nok ein del tid på at han knekte staven.  Så 9.-plassen er nok eit resultat som det står stor respekt av – det er tross alt verdsmeisterskap og 31 deltakarar i klassen.  

her er det det foregår – Boi Taüll ligg nord-aust i Spania, like nor for Barcelona.

Publisert: 28. februar 2023, 11:19