Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Randonee-VM: Malin Indergård og Erik Kårvatn inn på niandeplass

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mars 2023

Det var stor spenning i leiren da juniorane først skulle kvalifisere seg og så gå to etappar kvar i tomannslag.  Det var 22 lag som kappast om dei 12 finaleplassane, Malin og Erik klarte å kvalifisere seg, medan 2.-laget Aslaksen Røed og Hjelset Andersen rauk ut.  Indergård/Kårvatn kom på 10-plass i kvalifiseringa, men enda altså opp på 9.-plass etter at dei hadde gått 2 etappar kvar i den krevjande løypa. 

Da er Vm i Boi Taull i Spania ferdig og Erik hahar god grunn til å være fornøyd med innsatsen sin, og er godt etablert i toppen av U20 klassen. Foto G. Kårvatn

Malin mista litt tid og leverte stafettpinnen sist på første runde, men både Erik og Malin tok inn att det tapte og kom altså i mål på ein 9.-plass etter 4 runder.  Mix-stafetten er siste øving under arrangementet – om eit par timar skal seniorane gå mix-stafett – så blir det nok godt å snu nasen heimover for å samle nye krefter til sesongavslutninga som no nærmar seg.  

Resultatet frå finalen i mix-stafetten for juniorklassen – god innsats frå Malin Indergård og Erik Kårvatn sikra 9.-plassen for det norske juniorlaget.

Vi gratulerer med ein flott innsats, og reknar med at resultatet frå årets VM i Boi Taüll i Spania har gjeve meirsmak og energi til å satse vidare.  

På telefon frå Boi Taüll seier Erik at VM-veka har vore full av opplevingar, og han tykkjer det er godt å kjenne at forma er på plass, og det blir da også bekrefta når ein ser på resultata som Erik har oppnådd – topp 10 for alle øvinga må være bra!  Søndagens mix-stafett var både spennande og artig –  det var spenning frå start til mål, og både Malin og Erik er godt nøgd med å gå seg opp frå sisteplass ved første passering til 9-plass ved målgang.  – Men no gler Erik seg til å kome heim for å lade batteria litt – håpar bessmor Dale er klar med bakelsjarnet humrer Erik, som setter seg på flyet måndag morgon – og setter kursen heimover.

Bildegalleri med foto frå Skimostats, Jens Indergår og Gudmund Kårvatn 

Publisert: 5. mars 2023, 12:08