Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Viktig møteplass – ny næringslivsdag 22. mars

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. februar 2023

Onsdag 22. mars kan du sette av dersom du er interessert i det som skjer i næringslivet på Nordmøre.  Da arrangerer Sparebank1 Nordmøre ny næringslivsdag – ein viktig møteplass for næringslivet på Nordmøre.  Her kan du skafffe deg nye relasjoner og kontakter, og hente ny motivasjon og nye impulsar. Vi kan snart feire 20-årsjubileum for våre næringslivskonferansar, og har fått mykje positive tilbakemeldingar på våre arrangement og kan vel seie at vi på mange måtar har sett Surnadal på kartet, seier Liv Dalsegg, som er rådgjevar marked i banken.

Sparebank1 Nordmøres lokaler i Surnadal – arkivfoto Jon Olav Ørsal

Banken har opplevd skikkeleg respons på sine konferansar, og kan skilte med 200-250 deltakarar kvart år. Og det er ikkje berre næringslivsfolk som har delteke, men også mange som ein kan kalle folk flest som har funne dette interessant.   Administrerende banksjef Allan Troelsen fortel at det ligg mykje arbeid attafor eit slik arrangement, og det gjenspeilar da også kvaliteten på foredragshaldarane som har halde eit høgt nivå.  – I «ny-banken» har vi da også mange ressursar som vi kan dra vekslar på og høgde nivået på konferansen.

Ein av Noregs mest kjente og populære fastlegar avsluttar i år Næringslivsdagen med temaet; Vi er sterkare enn vi trur! Foto: Sparebank1 Nordmøre

Bjørn Hauglann frå Talgø er ein av foredragshaldarane – i dag er han ansvarlig for salg og markedsavdelingen på Talgø, med MøreRoyal som hovedprodukt og satsningsområde.

Når det gjelder årets program så har vi ein god kombinasjon av lokale, regionale og nasjonale ressursar, og kan derfor få til eit variert program.  Vi kan i stikkords form nemne makroøkonomi, konjunkturbarometer, straumsituasjonen, utdeling av utviklingsprisen og stor fokus på gründarskap.  

jan Erik Larsen er dagleg leiar og eigar i kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen AS. I tillegg er han kjent som sauebonde på Smøla, der han driv Villsaubutikken.  

Årets konferansier er Jan-Erik Larsen. Han har brei pressebakgrunn og har voret statssekretær og spesialrådgjevar for Arbeiderpartiets stortingsgruppe. Sia 2015 har han vore dagleg leiar og eigar i kommunikasjonsbyrået Kruse Larsen AS. I tillegg er han kjent som sauebonde på Smøla, der han driv Villsaubutikken.  

Meir informasjon om Næringslivsdagen 2023 finn du på bankens nettside på denne linken

 

 

 

Publisert: 22. februar 2023, 16:00