Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med fastelavnris og «Inn på tunet» i saniteten

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. februar 2023

Reordarta sal av fastelavnsris er eit bevis for at Todalen sanitetsforening er godt etablert i bygdesamfunnet – det er no 107 år sia Thora Mæhle Talgø og resten av gjengen starta sanitetsforeninga og arbeidet med folkehelsa.  Sjølv om det ikkje skjer på same måten, så er det like aktuelt den dag i dag.  Berre i Todalen vart det selt fastelavnsris og lerkehjerter for eit femsifra beløp i helga – faktisk rekordarta omsetning.  Pengane går til uavkorta til kvinnehelseforskning, og på lndsbasis gir inntekta av fastelavnsaksjonen økonomi til å finansiere 4 forskarar – så her er det helse i kvar fjør, seier Maren Ansnes som er leiar i Todalen sanitetsforening som rettar ein stor takk til bygdefolket.  

Sanitetshuset er base for aktivitetane i Todalen sanitetsforening – frå ventre Maren Ansnes, Jorunn H. Ørsal og Synnøve H. Talgø.

Det ligg mykje arbeid «attafor » i Todalen sanitetsforening – her er Liv Larsen, Kari Kvendset, Synnøve Talgø og Arndis Søyset i fullt arbeid med å lage fastelvensris og lerkehjerter. Foto Jon Olav Ørsal

I tillegg er sanitetsforeninga aktiv i «Inn på tunet», og laget fikk i fjor 300.000 kroner i koronamidlar frå Dahm-stiftinga for å tilrettelegga aktivitetar for vaksne med demens, slik at dei skulle kome seg ut og oppleve eit lite avbrekk i kvardagen.  Dette var eit populært tiltak som sanitetsforening og samarbeidspartnarar fekk mykje ros for.  Siste nytt er at Todalen sanitetsforening etter søknad har fått ytterlegare 300.000 kroner for å forsette og faktisk utvide dette tilbodet.  No vil dette tilbodet bli utvida til å gjelde dagtilbud til vaksne demente i tillegg til opphald med overnatting.  – Dette er vi veldig glade for, og det gir oss nye mulegheiter i arbeidet med å tilrettelegge for vaksne demente, sier Ansnes. 

Publisert: 22. februar 2023, 09:53