Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM: Sterk plassering på vertikalen for Erik

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mars 2023

I dagens vertikal i VM i randonee i Boí Taüll gjorde Erik Kårvatn eit nytt sterkt løp, og hamna på 9.-plass – 1:18.8 etter bestetida for  U20 men.  Vertikal er «førstemann til toppen», og er ei øving som Erik likar godt. I den bitande kulda i den spanske fjellheimen var det berre å gi gass oppover mot toppen.  Først i mål var Oriol Olm Rouppert  frå Andorra, med sveitseren Loic Dubois på andreplass og Julian Tritscer frå Østerrike.  

Bitande kaldt i den spanske fjellheimen – løparane fikk utdelt redningsfolie for sikkerheita. Foto G. Kårvatn

No er det to øvingar som står att for Erik – individuell på laurdag og mix-stafett på søndag.  No blir det nok godt å samle krefter eit par dagar til laurdagens individuell.  

Resultatlista frå dagens vertikal – klasse U20 men.

Publisert: 1. mars 2023, 12:41