Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6692 artiklar i dette arkivet.


Ola Kvendset tar over roret i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mars 2024

Etter årsmøtet er det nå klart at Todalingen Ola Kvendset tar over roret i Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag.  Ola er leder i lokallaget for Rindal og Surnadal, men nå rykker han opp til fylkesleder etter at mangeårig leder Stein Brubæk takker av.  Bonde og småbrukerlaget er inne i en brytningstid, og det vil nok bli mye å ta fatt på for Ola i tiden fremover.  


No blir det arrangert «Midtsommar i Surnadal 2024»

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mars 2024

Måndag føremiddag vart lokal presse orientert om at det endeleg av avklara at det blir Midtsommararrangement i Surnadal – det skjer i tidsrommet 20. juni og går fram til søndag 30. juni – altså ei skikkeleg midtsommarfest som går over 11dagar.


Eit godt år for demensforeninga

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mars 2024

Surnadal demensforening og Helselag har hatt årsmøte, og har gjort opp status for eit godt og aktivt år for foreninga.  I årsmeldinga som vi har lagt ut lenger nede i teksta har dei oppsummert aktivitetane og sett ord på det dei har gjordt. Bla vidare så kan du lese heile årsmeldinga.  


Bra med folk på gudstenesta

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mars 2024

Det var god deltaking på dagens gudsteneste i Todalen kyrkje – over førti deltakarar må være bra i det fine, men kalde vêret.  Det var Hans Arne Akerø som var vikarprest i dag, medan Bernt Bøe vikarierte på orgelkrakken og Randi V. Bøe var klokkar/tekstlesar.  


Årsmøte i Todalen IL – fort unnagjort

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mars 2024

Årsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time  – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna.  Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten.   Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen. 


Innflytting og storstila feiring hos Melby

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. mars 2024

Onsdag var det definitivt slutt på kontorhald i Moelvenbrakker og flyttesjau hos Melby Snekkerverksted på Eide. Melby Snekkerverksted har dei siste åra vore ein del av Talgøkonsernet, og har etter kvart vokst ut av det gamle kontorbygget.  – Det siste året har vi formeleg «bugg i brakker», og no sett vi umåteleg stor pris på at vi får flytte inn i det nye og fine kontorbygget, seier dagleg leiar Bjørn Melby. 


«Røkte går» – russerevy av beste slag

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. mars 2024

Blir like imponert kvar gong eg er på revy – imponoert over at eit russekull, eller rettare sagt ein avgangklasse på vidaregåande kan lage så god underhaldning.  Onsdag kveld var vi invitert på generalprøve på årets russerevy, og det var ei stor oppleving. 


Offer for gaupa?

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. mars 2024

Måndag vart det funne ein død hjortkalv på lunningsplassen ved Ørsalhøgda.  I dag er det meste spist opp, så det har nok vore kalas i løpet av natta.  Om det er gaupa, jerven eller anna rovdyr som har teke livet av hjortkalven det veit ikkje vi, da det ikkje lenger er sporsnø.


Eks-redaktør rosar todalen.no

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2024

– Målet for alle dei lokalavisene eg kjenner til, er å fungere som eit lim i lokalsamfunnet. Todalen.no har meir enn del fleste forstått kva denne oppgåva går ut på.  Det skriv pensjonert redaktør Lars Steinar Ansnes på bloggen sin Fintenkjarplassen.


Dobbel kvardagslykke for Jorunn

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2024

Jorunn Kårvatn Gulla er slett ikkje den første som har funne sin lykkepose rundt omkring på trimturer og elles.  Men Jorunn fann to lykkeposer i dag – den eine var godt kamuflert i lag med farga fjærprakt i fastelavenstreet attmed HalsOil-stasjonen på Kvennset.  Den andre posen hang i ei busk på rasteplassen uti Todalsstranda – på vegen inn til Todalen. 


PopUp-cafe og søndagsope

Jon Olav Ørsal Sundag 3. mars 2024

Med sol frå blå himmel og gnistrande føre i Dalalia er det mulegheitenes dag for både skientusiastar og andre.  Kårvatn Fjellustyr, «butikken på låven», har open butikk og arrangerer PopUp-kafè for høvet.  Butikken er open 11-16 idag og servering fram til kl 14


Verdenscup går vidare i Schladming i Østerrike

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. mars 2024

Verdenscupen i randonee går vidare – i dag har det vore arrangert sprint i Schladming i Østerrike.  Det startet så bra med at tre norske i herrer senior klarte å kavqalifisere seg til kvartfinalen. I tillegg kvalifiserte Ida Wadahl seg i dameklassen senior.  I herreklassen var det Erik Kårvatn, Hans-Inge Klette og Trym Dahlset Lødøen som kom med vidare.