Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 6887 artiklar i dette arkivet.


Fin dag på fjellet

Fin dag på fjellet

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. mars 2010

Tirsdag vart det litt av ein finversdag. Litt nysnø i løpet av natta gjorde underverker med føret og med sol frå blå himmel vart det bra utfart i retning Innerdalsmerket og Tristeinan. Det vart også rapportert eit tjuetalls personar som nådde heilt til Bjøråskaret.

Les heile saka

Villmarksmessen 8.-11. april

Villmarksmessen 8.-11. april

Jon Olav Ørsal Måndag 29. mars 2010

Surnadal har stand på Villmarksmessa på Lillestrøm fra 08-11. april. Tiltaket er støttet av Surnadal Kommune, og er et spleiselag mellom Surnadal Kommune, Norsk Vandrefestival, Vårsøg Hotell, Surnadal Elveeigarlag, Norsk Laksefestival og Profero AS, står det i en melding vi har fått fra Profero.

Les heile saka

Kappekurs med 7 deltakarar

Kappekurs med 7 deltakarar

Jon Olav Ørsal Sundag 28. mars 2010

Fredag kveld og laurdag (26. og 27. mars) har det vore kappekurs, der dei 7 deltakarane har lært å kappe tømmer. Teoridelen foregikk i skulen fredags kveld og den praktiske delen foregikk i Øyalia laurdag. Det var Ingebrigt landsem frå Aktivt skogbruk som var kursledar.

Les heile saka

Seterrenn på Nordviksetra

Seterrenn på Nordviksetra

Jon Olav Ørsal Sundag 28. mars 2010

Skærtorsdag 1. april er det klart for det 82. seterrennet på Nordviksetra. Her vil det bli både langrenn, kulerenn og hopprenn, der programmet startar kl 12.00. Det er mangel på parkeringsplassar oppå fjellet, så det er sett opp busstransport frå forsamlingshuset kl 10.30 og 11.15.

Les heile saka

Det vart stort skoglag…

Det vart stort skoglag…

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. mars 2010

Dei tre skoglaga i kommunen vart einige om å gå saman til eit stor skoglag. Forrige tysdag hadde dei stiftingsmøte i etterkant etter årsmøta. Dermer er det klart for ny giv og aktivitet i det nye laget som har fått namnet Surnadal Skogeigarlag.

Les heile saka

Kappekurs i helga

Kappekurs i helga

Jon Olav Ørsal Torsdag 25. mars 2010

Kappekurset er eit ledd rekka av skogskursa som gikk i haust og i vinter. Kappekurset startar fredag kveld med teoridel i skulen frå kl 20.00 – 22.30, og forsetter laurdag med praktisk del av kurset i Øyalia frå 10.00 til 15.30.

Les heile saka

Vandrefestival i august

Vandrefestival i august

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. mars 2010

Norsk Vandrefestival planlegg premiere 10. august. Den første vandrefestivalen vil få «BaseCamp» på Kårvatn og vil vare frå 10. til 15. august. Måndag kveld møtte Ragnhild Godal Tunheim og Dordi Kjersti Mogstad todalingane på heimebane i Todalen ungdomshus. Dei inviterte todalingane med som arrangørar av den første vandrefestivalen.

Les heile saka

Hjortmerking – følg med

Hjortmerking – følg med

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mars 2010

Ein kronhjort som vart merka i Todalen tidlegare i vinter kan no følges på nettsida www.hjortmerk.no . Hjorten heiter Surnadal_Bukk_Green_381 . Oppskrifta for å finne att hjorten på kartet finn du på nettsida.

Les heile saka

Postkasser fikk juling…

Postkasser fikk juling…

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mars 2010

Tre postkassane i Lauvåskogan poststativ har fått har medfart i det siste. Etter fotspora på kassane å dømme er dei rett og slett sparka inn og øydelagt med rå makt. Det er dei tre postkassane på nederste rekka som er ødelagt.

Les heile saka

Imponerande, Johan!

Imponerande, Johan!

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2010

Laurdag vart Birkebeinerrennet arrangert, og på startstreken sto tre todalingar. Det var Johan Kvendset, Nils Ove Bruset og Astrid Halle. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer og er heile 54 km. Berre ein del av deltakarane får merket, etter ei utrekna maksimaltid. Rennet er krevende og det er slett ikkje sjølvsagt at ein klarer merket. Men Johan klarte det denne gongen også, i klasse M- 70. Vi gratulerer!

Les heile saka

Nytt frå Hjartestartaraksjonen……

Nytt frå Hjartestartaraksjonen……

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2010

Todalen sanitetsforening har på styremøte bevilga kr 10.000 til hjartestartaraksjonen. Rykta fortel at det er fleire lag som jobbar med saka, så det kjem vel meir etter kvart.

Les heile saka

Skannerpatrulja er i farta…

Skannerpatrulja er i farta…

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mars 2010

Det er Todalen historielag som har starta arbeidet med å skanne og registrere gamle bilete som vi kallar skannerpatrulja. Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe kjem til å jobbe med gamle bilete og historielaget har ordna seg med ein «mobil» skanner til slikt bruk.

Les heile saka