Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kappekurs med 7 deltakarar

Kappekurs med 7 deltakarar

Jon Olav Ørsal Sundag 28. mars 2010

Fredag kveld og laurdag (26. og 27. mars) har det vore kappekurs, der dei 7 deltakarane har lært å kappe tømmer. Teoridelen foregikk i skulen fredags kveld og den praktiske delen foregikk i Øyalia laurdag. Det var Ingebrigt landsem frå Aktivt skogbruk som var kursledar.

Deltakarane fekk innføring i kravet til dei enkelte sortiment av tømmer frå både gran og furu. Her ligg det til grunn at ein skal lære å sortere tømmeret slik at det blir best muleg egna i vidare produksjon og dermed kan gi best muleg pris ut frå målereglane som gjeld.

På den teoretiske delen fredag kveld var også skogbrukledar Per Egil Rønning frå Allskog med og gjorde greie for tømmerprisar og avsetningsforhold for dei enkelte sortiment. Laurdag var tømmermålar Anton Skei med for å kommentere kvalitet og orientere om korleis han vurderte virkeskavaliteten.

 Sjå bileta frå kappekurset i bildegalleriet nedafor.  Alle bilde:  Kristen Bruset

Publisert: 28. mars 2010, 23:30