Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Imponerande, Johan!

Imponerande, Johan!

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. mars 2010

Laurdag vart Birkebeinerrennet arrangert, og på startstreken sto tre todalingar. Det var Johan Kvendset, Nils Ove Bruset og Astrid Halle. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer og er heile 54 km. Berre ein del av deltakarane får merket, etter ei utrekna maksimaltid. Rennet er krevende og det er slett ikkje sjølvsagt at ein klarer merket. Men Johan klarte det denne gongen også, i klasse M- 70. Vi gratulerer!

Tid i mål for Johan vart: 04:13:27  Makstid var i år 04:18:32, og Johan hadde altså 5 minutt å gå på.  Når det gjelder Nils Ove Bruset så starta han i klasse M-45 og oppnådde tida 04.10.40. Her var maksimaltida 03.44.43 og han vart utan merke. Det same gjeld Astrid Halle som starta i klass K-40 og som fekk tida 05.07.14. Her var maksimaltida 04.41.50). Resultata er enno uoffisiell, og kan innehalde feil. Men snart blir nok den offisielle og endelege resultatlista lagt ut.

Fakta om Birkebeinerrennet: Birkebeinerrennet er 54 km, klassisk stil. Starten går på Rena, målet nås på Birkebeineren skistadion på Lillehammer. Alle som har fylt 16 år innen 31.12.10 kan delta. Deltakere må bære sekk som skal veie minst 3,5 kg gjennom hele rennet. Deltakerantallet er 15000 påmeldte.

Publisert: 20. mars 2010, 23:18