Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjortmerking – følg med

Hjortmerking – følg med

Jon Olav Ørsal Sundag 21. mars 2010
Ein kronhjort som vart merka i Todalen tidlegare i vinter kan no følges på nettsida www.hjortmerk.no . Hjorten heiter Surnadal_Bukk_Green_381 . Oppskrifta for å finne att hjorten på kartet finn du på nettsida.

Du kan laste ned eit PDF-dokument , derdu ser vandringa til hjorten i løpet av ein periode i mars. Legg merke til at kartet og opplysningane viser at hjorten har vore innom Fellesfjøset ein snartur, uten at drivarane der har oppdaga noko unormalt. Den har kanskje smaka på silorestane ved fjøsveggen?

Først publisert: 21. mars 2010, 23:03 - Sist oppdatert: 22. mars 2010, 10:02