Tunneldebatten engasjerte mange
Det kom folk heile Indre Nordmøre for å få med seg debatten på tunnelmøtet i Todalen Ungdomshus onsdag. Da initiativtakar til møtet, Ragnar Halle ønska velkomen, var Ungdomshuset fylt til siste plass. Og han sa at han trudde ikkje det har vore så mykje folk i Ungdomshuset sia sist det var Bekkerfest på slutten av 60-talet. Det var fullt både i storsalen, matsalen og på galleriet, og i tillegg stod det folk rundt omkring der det var plass. Møteledar var TK-redaktør Tore Dyrnes, og han gikk rett på sak med eit anstrengt program som varte i to og en halv time.
Les heile saka