Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Brannvernveke ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. september 2011

Sist veke var brannvern tema ved oppvekstsenteret. Torsdag var det brannøving, vi trena på rask og riktig evakuering. Skuleelevane har samlingsplass mellom ballbingen og dissestativet, medan barnehageungane blir samla inne i ballbingen. Brannvernleiar Sjur var godt fornøgd med øvinga.

Fredag fekk vi besøk av Jon Nordvik med brannbil. Han viste fram brannbilen med utstyr og fortalde om rutinar ved brannutrykking. Han viste fram «saks» for å klippe laus personar som sit fast i bil etter ulykke og maske til bruk ved røykdykking. Ungane i barnehagen og dei yngste ved skulen fekk kjøretur med brannbilen – populært! Alle elevane var svært interesserte og engasjerte. Vi set pris på besøket – lærerikt og så er det godt med litt avveksling i kvardagen!

Nedafor finn du eit bildegalleri frå brannvernveka og besøk av brannbilen.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Først publisert: 26. september 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 25. september 2011, 21:53