Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Student-workshop med MøreRoyal

Student-workshop med MøreRoyal

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. september 2011

Måndag hadde Talgø besøk av ein gjeng arkitekt- og designstudentar frå NTNU. Formålet med besøket var å gjera seg kjent med MøreRoyal-produkt frå MøreTre, og dei var innom både MøreTre i Surnadal og Ansnessaga i Todalen for å lære om produksjonen og gjera seg kjent med produkta.

Etterpå var det workshop på Utstillingssentret (Gammelfabrikken) der dei fekk oppgåver med å jobbe fram idéskisser med bruk av Royal-produkt saman med folk frå Talgø/MøreTre og rettleiarane sine frå NTNU som er universitetslektorane Nils Stensrud og Pasi Aalto.

Det er 4.- og 5.-års studentar både frå arkitekt-, produktdesign- og ingeniørstudiet som skal bruke haustsemesteret til å planlegge, designe og bygge marknadsbuer til Trondheim torg. Dei skal utarbeide fleire forslag som skal vurderast før det blir bygd eit par variantar i fullskala (6 m2) som er basert på MøreRoyal-produkt som råvarer.

Det var ein kreativ gjeng som såg mange muligheiter for løysingar. Ein kan også reke med at resultatet kan bli inspirert frå fleire kulturar. For det var studentar nærast frå heile verda som deltok på kurset – kan nemne Holland, Kina, Franskrike, Peru, Chile, Tyskland, Mexico, Polen og sjølvsagt frå dei nordiske landa.

Dreg du til Trondheim på julehandel, så får du nok sjå det ferdige resultatet på torget i Trondheim. Da skal dei stå klare til bruk, fortel Nils Stensrud og Pasi Aalto frå NTNU.

Publisert: 20. september 2011, 14:00