Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Bronse i Gjensidige Cup

Bronse i Gjensidige Cup

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2011

Rindalslist gikk heilt til topps i Gjensidige Cup på Syltøran laursdag. Det slo ut PipiLife som da kom på andreplass, medan Talgø 1 var med heilt til bronsefinalen, der dei slo vertslaget Gjensidige. Dermed vart det 3.-plass og bronse på Talgø 1. Det andre laget til Talgø – Talgø2 – vart nr 3 i si pulje om kom dermed ikkje med i sluttspelet, men også dei gjorde ein fin innsats på banen. Dei to Talgølaga var samansett av folk frå Talgøbedriftene i Surnadal og Rindal.

Men det var også andre todalingar på banen. Vi observerte Jo Gjeldnes og Håvard Halset på Surnadal kommunes lag, medan Kikke Moe og Elinor Bolme på Amfi’s lag. Elinor, som også er redaktør i Todalen.no, gjorde såpass innsats at ho må rekne med å dekkje alle fotballkampane for nettsida neste sesong. Heiter det ikkje spisskompetanse?

Du kan forøvrig lese meir om Gjensidige Cup på nettsida til Trollheimsporten.

Nedafor finn du eit bildegalleri frå nokre av kampane    Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. september 2011, 21:00