Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Til Honnstadvatnet og Soggnebba

Til Honnstadvatnet og Soggnebba

Vidar Sogge Sundag 25. september 2011

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag hadde torsdag 22. september ein kjempeflott tur til Honnstadvatnet og Soggnebba. Etter at vi hadde parkert bilane ved eit grustak på Honnstad, la 33 spreke stavgangarar kursen mot Honnstadvatnet. Medan ein del slo seg ned ved gapahuken nede ved vatnet, fortsette andre vidare til høgdene ovafor Honnstadvatnet. Ei tredje gruppe på 11 personar la kursen mot Soggnebba.

I det vi passerte bekken ved utløpet frå vatnet, kunne vi sjå restane etter dammen frå den tid Utigard på Honnstad hadde eit kraftverk som gav strøm til alle Honnstadgardane og skulen frå denne bekken. Etter om lag 45 minutts gange kom vi til Soggnebba, og medan vi kosa oss med termos og niste, kunne vi nyta den fine utsikten over Surnadalen i mest 180 graders vinkel.  Takk til alle saman for ein fin tur!

Komande torsdag startar turen frå Evjen i Øvre Surnadal. Ved Åmot kryssar vi til nordsida av dalen ved skilting Dønnem, straks før grensa til Rindal. Vi køyrer deretter ca. 1 km oppover dalen til Evjen og parkerer der. Vi går så forbi Fugelsøya og ned att vegen som kjem frå Austre Nordmarka. Den som vil ha flatare veg, går frå Evjen langs fylkesvegen i retning Rindal, før vi snur og kjem attende til Evjen. Båe turane går etter grusveg. Fordel å ta med stolar til matpausen.

I galleriet nedafor er det mange fine bilde frå turen.      Alle foto: Randi og Vidar Sogge

Først publisert: 25. september 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 24. september 2011, 14:27