Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Hjort og elgar på sørsida

Hjort og elgar på sørsida

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2011

Jaktlaget som driv på sørsida av bygda fekk både hjort og elg i dag. I ytre og øvre delen av Øyalia vart det ei hjortkolle og to elgar. Elgane var ein fjorskalv og ein årskalv. Det var to debutantar som var heldige i dag, da Ola Ansnes tok sin første hjort, og Torbjørn Larsen fekk sine første elgar. Det er nok fleire jaktlag som har nytta høvet til å ut på storviltjakt i dag, men vi har ikkje fått rapport frå andre lag.

Vi tek gjerne imot bilde frå jaktturar, som vi kan legge ut på Todalen.no. Vi er interessert i både jaktbilde og fine naturbilde no som det held på og blir fine haustfarger.

Publisert: 17. september 2011, 19:00