Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vegsikring i Kufalla

Vegsikring i Kufalla

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. september 2011

Denne veka har det pågått sikring Kufalla på vegen til Kårvatn. Laurdag var det brørne Per og Ola Gjeldnes som var i gang med skytearbeid for å få breiare veg og for å sikre at vatnet ikkje grev ut og lagar ras nedpå vegen i regnvêr. Det er Surnadal kommune som er oppdragsgivar, men prosjektet er finansiert med øremerka vegsikringsmidlar frå Vegvesenet, fortel Per E. Gjeldnes til Todalen.no.

Spesielt ved sterkt regnver har det ofte gått små ras på denne staden. Det har ofte ført til steng veg og at det har vore naudsynt med ei opprydding etter slike episodar. Forhåpentleg vis får dei no kontroll på vatnet og får sikra slik at ein unngår det rasar ned på vegen i regnvêr.

Bilder frå vegarbeidet i Kufalla.     Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. september 2011, 16:00