Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ein sommar er over…

Ein sommar er over…

Jon Olav Ørsal Sundag 25. september 2011

Sommarsengen på sjøen er nok på hell, og det er snart tid for å ta båten til vinteropplag. Ivar helge og Gudmund Kvendset nytta floa søndag føremiddag til å ta opp båten frå Småbåthamna på Kvennset. Ustabilt vær gjennom heile sammaren har nok gjort sitt til at det har vore lite båtliv denne sesongen, fortel Ivar Helge. Difor går båten no i opplag i påvente av ein ny og betre sesong neste år.

Det kan vel bli nokre fine dagar enno, så det er enno dei fleste som har båtane liggande i hamna. Men hausten kan også vise ei anna side og vi har vel allereie hatt ein forsmak på minusgradane på nattetid. Søndag var det i allfall ein fin dag, med blikkstille og sol. vermeldinga for komande veke byr imidlertid på litt av kvart, og det meldes både sør- og vestleg vindretning på yr.no.

Publisert: 25. september 2011, 11:40