Det er på tide å markere at vi har runda eit nytt årsskifte, og TrondheimSolistene vil gjera sitt – som alltid – for å feire dette på Nyttårskonserten fredag 10. januar kl 19:00 på Surnadal kulturhus.
TrondheimSolistene er så husvarme i Surnadal at dei neppe treng nokon nærmare presentasjon. Men vi må vel pliktmessig ta med ein kort variant: TrondheimSolistene er eit topp, profesjonelt ensemble av musikarar, etablert i 1988 og med eit musikalsk vidsyn få, om nokon, kammerorkester kan matche. Dei er, i tillegg til i Surnadal, også store internasjonalt, og konsertane er prega av humør, spontanitet og intensitet. Punktum.