Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Barn både i og utafor løypa

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mars 2020

Søndag var det annonsert barn i løypa på Tjønnmyra, men med sol og 10-12 varmegrader vart det berre så som så med skiføret i lysløypetraseen. Men det var mykje anna å finne på i finvêret, og ingen trong å ligge på latsida likevel og både akebakkan og klatreparken vart flittig bruka.

I gapahuken var det fyr på grillen og etterkvart vart det traktert både pølser med og nykoka kaffe frå bålet.  Både store og små kosa seg denne fine vêrdagen som ga oss den reinaste påskestemninga.

I bildegalleriet finn du nokre bilder frå dagens aktivitet på Tjønnmyran – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. mars 2020, 16:07