Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Song og kaffe i Åsskard kyrkje – AVLYST

Jon Olav Ørsal Tysdag 10. mars 2020

Arrangementet som var sett opp onsdag kveld 11. mars i Åsskard kyrkje med Prosjekt 17- er AVLYST og blir sett opp att seinare! 
 – Salmeboka er ei spennande bok, landets rikaste samling av musikk og poesi, seier korleiar og kveldens organist Bernt G. Bøe. – Her kan kor og forsamling fråtse i flotte tekster og herlege melodiar. Allsong, mektige hymner og nye tekster – endatil i tangorytme – står på programmet.

 Koret P17 øver på onsdagar og inviterer til «Open kveld» prega av sosialt og musikalsk fellesskap. – Under posten  «Salmeverksted» kan den som vil, henge seg på eit improvisert «felleskor» med lette fleirstemmige stubbar». Eller sjølsagt berre lytte. 

Prosjekt 17. Frå venstre Nora Vetleseter Bøe, Øystein Moe, Borghild Betten Talgø, Liv Marit Polden, Einar Husby, Ann Magret Botten, Inger Garthe, Kari Sæther, John Moe, Kirsten Baadnæs Bøe, Per Arne Hyldbakk og Randi Vetleseter Bøe. Den siste tida har forresten fleire vorte med i koret. (Foto: Bernt G. Bøe)

Litt dramaturgi er med når historia bak «Alltid freidig» blir rulla fram. Songar i salmeboka kan vera små, regisserte syngespel. Både muntre og gripande historier om salmeskatten blir å høre innimellom musikkinnslaga. Kva slavehandlar vart salmeprest? Kva kjærleiksvise vart pasjonskoral? Kva kveldssalme har tona på Wembley i alle år?  Koret byr på klassisk musikk av Bach, Handel, Mendelssohn, Beethoven og Wennerberg og har eit par nye salmetonar i mappa. Kvelden er også som snarast innom to jubileum: Ludvig van Beethoven (250 år) og Landstads første salmebok (150 år).  

Soknerådet har planlagt kvelden på vårkalenderen sin og tek ansvar for te, kaffe og litt å bite i etter songstunda. Ulikt andre kyrkjer har Åsskard nemleg si fine Kyrkjestue – der ein alltid samlast til trivelege samver rundt kaffekoppen.

P17-koret er medlem i Todalen.no.

Først publisert: 10. mars 2020, 11:00 - Sist oppdatert: 11. mars 2020, 16:17