Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spilder nytt Innerdalsmerke

Jon Olav Ørsal Måndag 9. mars 2020

Det er fleire som har lagt merke til at Innerdalsmerket er borte frå plassen sin. Det har stått det stien og turistlinja over til Innerdalen startar. At skiltet er borte har si heilt naturlege forklaring, for Per Reiten har fått i oppdrag å lage eit nytt skilt – likt det gamle – og brukar derfor gammelskiltet som «modell».

Og gammelskiltet er gammelt – skikkeleg gammelt – det er ingen som kan hugse at det vart sett opp.  Kan skje er det hundre år eller meir, seier Per reiten som no er i gang med å lage eit nytt.  Det gamle skiltet er laga i material av god kvalitet, og det nye skal ikkje bli dårlegare, seier Per som fortel at det er spikmaterial som er bruka og det er vanskeleg å skjære i.

No er det snart berre den siste bokstaven som ikkje er ferdig, seier Per Reiten. Så snart dukkar det opp på plassen sin på nettopp Innerdalsmerket – der stien og turistruta til Innerdalen startar. Foto: Jon Olav Ørsal

 – Men det blir når ein tek tida til hjelp, sier 79-åringen som no er komen så langt at han er i gang med siste bokstaven på det nye skiltet, som er ein tru kopi av det gamle. Og det er ingen tvil om bodskapet – «Til Inderdal» står det og skiltet skal bli heilt likt det gamle.  Men tid har vi nok, seier Per som nyleg er heimkomen etter litt «overhaling» på sjukehuset. No kosar han seg i den verkstaden han har heime i garasjebygget, og der han driv med litt tå kvart. Så da altså – snart er skiltet «Til Inderdalen» på plass igjen på Innerdalsmerket – der stien til Innerdalen startar!

Først publisert: 9. mars 2020, 04:00 - Sist oppdatert: 8. mars 2020, 17:33