Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I.N.S. inviterer til revy-/songmøte på kulturhuset – AVLYST

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mars 2020

Indre Nordmøre senioruniversitets REVY-/SONGMØTE på Kulturhuset i Surnadal, onsdag 18. mars er AVLYST   

Da vil det nok bli gjenhør med mange revyviser, og kanskje vi får høyre litt om historia bak.  Vi dreg nok kjennsel både på revyvisene, scenekunstnarar og revyforfattarane når vi nemner namn som Styrkår Brørs, Holger Skei, Eivind Holte og ikkje minst Henning Sommero.

Onsdag 18. mars er heile gjengen på plass i kulturhuset og vi gler oss til å friske oppatt eit utval av gamle revyviser. Dagens tema er nemleg revyviser frå teater- og revyframsyningar i regi av
Svarrabærje Teaterlag. Henning Sommerro leier allsongen saman med Eivind Holte, Holger Skei og Styrkår Brørs, og vi tippar at det blir mange som kjem for å høyre og sjå når dei sett i gang!

Det blir sjølvsagt kaffe og kake, og billettpris: kr 150 for medlemar i  INS og kr 200 for andre.   
Alle er velkomne til eit triveleg revy/songmøte!

Her kan du lese plakaten!

 

 

 

Først publisert: 12. mars 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 13. mars 2020, 09:06