Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7157 artiklar i dette arkivet.


Svinviks Arboret: Sesongstart i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2022

Fredag 20. mai var første opningsdag for Svinviks Arboret i – alt første opningshelga er det venta eit bra innrykk med folk som vi ha med seg rododendronblomstringa i arboretet. Blomstringa er alt i gang, men det kalde vårvêret som har vore har gjort at blomstringa langt i frå har nådd toppen enno. Men kjem varmen for fullt no, så vil det nok sette fortgang på blomstringa, seier Katarina Wedelsbäck Bladh, som er fagleg ansvarleg i Svinviks Arboret


Tysdag er du er invitert til lunch!

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. mai 2022

Tysdag 24. mai kl 13 er du invitert til lunch, dersom du er godt vaksen, og har lyst! Det er Todalen sanitetsforenings beredskapsgruppe som inviterer, og dei byr på gratis og god mat skriv Saniteten i si innbyding. Det er inga påmelding til lunchen som foregår i Sanitetshuset på Kvennset


Med heile bygda til frukost på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mai 2022

PÅ grunnlovsdagen inviterte Todalen Idrettslag alle sambygdingar og andre interesserte til frukost på Bordholmen. Og mange tok nok mot invitasjonen og på det meste vart det nok godt over hundre til bords på «uterestauranten» framfor klubbhuset. Leiar i Todalen I.L., Elinor Bolme, tykte det var stor stas med det fine vêret og alt folket hun hadde til bords i formiddagstimane på grunnlovsdagen


Tradisjonelt biltog – til Brusetmarka og rundt bygda

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mai 2022

Todalen har kanskje verdens eldste biltog i samband med feiringa av grunnlovsdagen – heilt sia 1950-talet har det vore tradisjon med biltog – eller skrommeltog som det vart kalla i gamle dagar. Årets biltog hadde 58 kjørty som deltakarar, og det er ein liten nedgang sia fjorårets biltog. Om det er drivstoffprisane som er årsak til det veit vi ikkje, men den kan og være Todalen.no aprilspøk om at berre elbilar fekk delta i biltoget i år


Program for 17. maifeiringa i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 17. mai 2022

Det detaljerte programmet for feiringa av nasjonaldagen er for lengst klart, og plakatar er komne på veggen rundt omkring i bygda. Programmet er stor sett likt tidlagare år, bortsett frå små justeringar av tidspunkt for aktivitetane. Dagen startar som vanleg med biltog rundt bygda, med start kl 10 frå Matkroken. Etterpå er det frukost på programmet kl 11, og det skjer på Bordholmen i regi av Todalen Idrettslag


Torsdag går stavgangturen til Åsskard

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mai 2022

Torsdag 19. mai inviterer Surnadal pensjonistlags stavganggruppe til tur på Åsskard.  Parkering på parkeringsplassen nedafor kyrkja. Oppmøte til vanleg tid kl 11:00.  Hugs å ta med termosen med kaffe – og stolar til kaffepausen etterpå.    


Premiere for ny terrasse og uteservering

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mai 2022

Jammen vart den nye terrassen på Todalshytta ferdig i dag, og derme man den takast i bruk alt på 17. mai dersom vêr og temperatur held seg innafor komfortsona. Som vi har skrive tidlegare vil det bli servert 3-retters 17.-maimeny på Todalshytta på grunnlovsdagen.


Våryre sprell med 6.-klassingane som tilskuarar

Jon Olav Ørsal Måndag 16. mai 2022

Måndag føremiddag var 6.-klassingane på Todalen og Stangvik oppv3ekstsenter på todalstur – nærare bestemt i Austistua på Hala – det det var annonsert kuslepp. 42 våryre kyr og kviger vart slepte ut i sola og finvêret. Det var nok litt av eit sjokk, for vi fekk oppleve mange kåte sprell, og det var nok ikkje alle som var så spreke som dei trudde – litt stivt og sterve må ein rekne med etter eit halvår innendørs.


17. mai på Todalshytta: 3-retters meny på nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2022

Todalshytta ønsker velkommen til 3-retters middag i restauranten på 17. mai. Etter mange forespørsler åpner vi restauranten for servering kl. 14:00 til kl. 18:00, og byr på 3 retters 17. mai-meny


Rindal på 10.plass i Holmenkollstafetten – 2 todalingar på laget

Jon Olav Ørsal Sundag 15. mai 2022

Rindal I.L. friidrett har tradisjon for deltaking på vårens vakraste eventyr som Holmenkollstafetten blir kalla. Slik også i år, og laget hamna på 10.-plass med sitt sterke lag noko dei kan være stolte av. Arrangøren hadde litt problem med resultatservicen, men plasseringa er iallfall rett, skriv Rindal IL friidrett på sine FB-seider


Sosial strikkekaffe i det sure vårvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. mai 2022

I dag var det sesongens siste samling med strikkekaffe i Sanitetshuset. Med regn, vind og nysnø i fjella var det nok godt å ha ein inneaktivitet å ty til, og strikkekaffen samla da eit lite tjetals deltakarar – mest for å være sosiale og gjæra ting i lag. På strikkekaffe kan du delta sjølv om du ikkje strikkar eller har anna handarbeid – alle er velkomne hit. På dagens samling var det stor spennvidde i alder – faktisk frå 0 til 101 år, og heile gjengen såg ut til å trivast i lag