Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsdagen er i rute – mykje som må ordnast

Jon Olav Ørsal Fredag 24. juni 2022

I dag var det service på trøbilane på Bordholmen – trøbilane er nemleg populær tidtrøyte for unge fotballentusiaster i ventetida mellom kampane.  Fleire av trøbilane var prega av slitasje, så det var behov for både dekk, kjeder og nye lager for å få den «på vegen» igjen. 

Ola fikk god hjelp av kjærasten Hilde som handtlangar. Foto Jon Olav Ørsal

Det var Ola Bolme som sørga for at trøbilane fikk litt godt tiltrengt vedlikehald.  Ola er til dagleg storbilmekaniker på Surnadal Lastebilverksted (SLV) så kompetansen var nok på plass for å få til dette.  Han hadde med seg kjærasten Hilde Næss som handtlangar og fekk etter kvart dei fleste kjørtya i drift igjen.  Så no er det håp for å få seg ein kjøretur under Todalsdagen som går av stabelen laurdag 2. juli.

Ragnar Halle og Markus Bolme driva og sladda løparbanen – det er lenge sia den har fått noko stell, men den vart da betre for kvar runde konkluderte dei to. Foto Jon Olav Ørsal

Vedlikehald dreiv også Ragnar Halle og Markus Bolme med – men dei dreiv med sladding av løpebanen.  Med ATV og sladd vart det runde etter runde for å prøve å få laus løvetann og gras frå løpebanen.  Litt betre vart det for kvar runde, men det var vanskeleg å få heilt bra, konkluderte dei to.

Her er iallfall 3 tråbilar komne «på vegen» igjen – tråbilane på Bordholmen er populær tidtrøyte mellom slaga på fotballbanen, seier Elinor Bolme som er leiar i Todalen I.L. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. juni 2022, 14:59