Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Med varmen kom laksbettet i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2022

Laurdag kom varmen og skikkeleg fiskarelv.  Klokka 21 var vassføringa kome på rundt 41,5 M3/sek, og når gradstokken nærma seg trettitalet så vart det skikkeleg snøsmelting og med litt fønvind i tillegg så fikk snøen i fjella bein å gå på.  Laurdag vart det teke to store laksar – ein på 9,6 og ein på 8,4 kg. Endeleg ser det ut til at laksefisket kjem i gong for alvor – i skrivande stund er det teke 10 laksar i Toåa denne sesongen.

Dei første dagane har det vore for kaldt vatn, med 5-6 varmegradet i vatnet må ein rekne med dårleg bett.  Det ideelle er 9-10 grader, og fortsett varmen no, så blir det nok bra forhold for laksefisket. Laurdag var det Rune Holtberget som tok den ein laksen på 8,4 kg ved Lakssteinen, medan Stian Evensen tok den største laksen hittil i år på 9,8 kg i Hagan.  Endeleg ser det ut til at laksefisket i Toåa kjem i gang for alvor, og no rapporteres om observasjonar rett som det er –  no blir det spennande å sjå resultatet dei komande dagane.  

Rune Holtberget sok ein laks på 8,4 kg ved lakssteinen i dag. Foto Privat

Publisert: 25. juni 2022, 21:18