Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Åmotan og bakels på Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 27. juni 2022

Høveleg feriesyssel er faktisk å ta ei «utror» til fjellgardane i Sunndal – no er det nemleg stor vassføring på grunn av snøsmeltinga, og Åmotan er litt av eit syn som blir koka saman frå elvane frå 6 dalar.  Eit prektig syn som du blir imponert av uansett om du har vore der og sett det før – eller ei!  Ein anna syssel på ein slik dag er faktisk å ta turen utover til Vangshaugen, der det i helga var sesongopning og premiere for nystekte bakels med sønndalsgraut, rømme og jordbærsyltetøy.

Kirsti Edøy, som er vertinne på Vangshaugen serverer kaffe og nystekte bakels til Berit Kårvatn. Foto Jon Olav Ørsal

Vi såg at Driva hadde stor vassføring på tur oppover Sunndalen, og skjønte at Åmotan vart litt av eit syn denne dagen.  – Men først kom vi til Sunndalsporten på Gjøra, der vi svingar av til fjellgardane. Vi måtte innom der å sjå, etter mykje fokus i media den siste tida.  Der var det både ny, fin butikk , ny ladestasjon og nytt drivstoffanlegg.  No er det lagt fint til rette for handel, og da må turistane og bebuarane i øvre Sunndal dra kortet og bruke nærbutikken, dersom dei vil behalde tilbodet.

Vi fortsette etter vegen oppover mot fjellgardane og kom til Åmotan, og der vart vi like imponert som vi trudde.  Det koka godt nede i dalbotnen der elvevatn frå 6 dalar samlast i eitt elvefar vidare nedover dalsida.  Hit kan du faktisk få traktorsafari frå Jenstad kvar laurdag og søndag i juli og august – da kjem du nok tettare på enn vi gjorde frå vegen opp til Svisdal. 

Vi kjente etterkvart at det vart behov for ein kaffedråpe – og ikkje minst nystekte bakels. Difor gikk turen vidare opp forbi Svisdal, før vi fann skiltet med Vangshaugen på – og svinga til høgre utover eit stykke. Etter kvart fann vi skiltet for KNT-hytta ved den gamle steinbrua, som angiveleg er frå 1880-talet.  Dersom du fortsett over brua og eit stykke utover kjem du forresten til Alfheim. 

Vangshaugen bygde Ethelbert Lort Phillips i 1910-1911, rundt 10 år etter at han bygde Todalshytta i Todalen. Foto Jon Olav Ørsal

Vi parkerte og tok dei siste par hundre meter opp ti KNT Vangshaugen til fots.  Det er jo ei hytte som er beregna for folk på fottur!  Vel framme vart vi tekne godt i mot og fikk plass i uterestauranten – vertinna kom og tok i mot bestilling – og presenterte seg som Kirsti Edøy.  Det var noko kjent med denne dama, men tenkte at det var vel tilfeldig.  Men Kirsti ho fanga tråden, og hugsa at vi jobba litt i lag den tida ho jobba på Tibe Reklamebyrå i Molde og Talgø var kunde der.  Det skjedde nok for rundt 25 år sia.  Kirsti har no permisjon frå jobben i Romsdals Budstikke for å være vertinne på Vangshaugen.  Men for å gjera ei lang historie kort, så var bakelsa som vi fikk servert, prima vare.  -Vi vart også imponert over dekoren på sønndalsgrauten i den litte glasskåla. Både godt og fint! 

nedafor finn du bildeglimt frå turen frå Gjøra og opp til Vangshaugen – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. juni 2022, 04:00