Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

St. Hans med grillkos og bålbrenning i turstien

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. juni 2022

Det var trimgruppa i Todalen I.L. som stod som arrangør da St. Hans vart feira med bålbrenning og grilling ved gapahuken i Båthølen.  Torsdagskvelden vart ein rettelg fin sommarkveld med sol og god temperatur, og jammen trur eg både store og småe kosa seg på kvar sin måte.  

Det var egentleg godt å sjå at borna lekte seg i lag, og sjølv om det etter kvart vart kveld så var det nok ikkje nokon som lengte etter loppekassa.  Trimgruppa hadde full fres på storgrillen, og det var mange som hadde med seg grillmat og laga seg ein godbit til kveldsmat.  I tillegg stillte trimgruppa med kaffe og saft, og sjølvsagt gikk praten rundt borda som etter kvart vart fullsett. 

Grillkos – Trimgruppa fyrte opp storgrillen og det var mange som hiva grillmat bortpå grillen etter kvart. Foto Jon Olav Ørsal

Add Gallery / Images

Fint at det går an å samles på denne måten for å fire slike dagar som elles berre glir forbi – St.Hnas-kvelden markerer da at «sola har snudd» for eit par dagar sia og kveldane blir etter kvart mørkare. Men vi får forhåpentleg vis mange fine kveldar utover sommaren, før haustmørkeret innhentar oss igjen.  

Bildegalleri med bilder frå St. Hansfeiringa i turstien torsdags kveld.   Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. juni 2022, 19:41