Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Løkka i livet er å kome seg til Haukeli

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. juni 2022

Det er dei einige om begge to – løkka i livet er å kome seg til Todalen og hytta Haukeli, som ligg i Krokan. Einar Sundet og Wenche Snekkersveen kjem frå Rendalen, og stortrivest altså på hytta i Todalen. Einar har alt landa sin første laks i år, ein holaks på vel 5 kg – teken på flue i Meet.

Einar fortel at han har hatt eit «forhold» til Todalen heilt sia slutten av 1960-talet, da ha var med foreldra hit på bryllaup. Sia den gongen har det vore årlege turar til Todalen og Toåa, for å fiske laks og for å gå turar i Todalsfjella. Begge røpa at dei er godt kjent i fjella her, og har stor glede av fjellturane.

I mange år var dei leigetakarar – men da hytta i Krokann var til sals, var vi kjappe til å slå til og kjøpe Haukeli, fortel Wenche og Einar. Foto Jon Olav Ørsal

 I mange år leigde vi hytta her av Per Reiten – så da vi etter kvart høyrte rykte om at han hadde tenkt å selje hytta, så var vi snare til å ta kontakt og dermed vart det handel. Det har vi ikkje angra på ein dag både vi og borna stortrivest her – og hytta er på bruk heile sommaren.  Her finn vi ro, og trivest med å leve eit enkelt liv – utan straum og utan innlagt vatn.

Vi var forresten her da raset gjekk uti stranda. Da vart vi imponert over todalingane og folka i kommunen – både bygdefolket og vi som «rasfaste» turistar vart tekne godt vare på, og vi vart faktisk kjent med «alle» i denne tida.

Første laksen er alt komen på land – den var på 5,3 kg og vart landa i Meet i Toåa. Foto privat

For nokre dagar sia vart vi forresten kjent med mange nye naboar.  – Ein bisverm kom på besøk til hytta, og gjorde teikn til å slå seg til.  Men alt ordna seg når vi fikk kontakt med Bjørn i nabolaget som kom og henta heile gjengen – han trudde det dreidde seg om rundt 30.000 eksemplar frå ein av bikubane hans.

Sankthansaftan samla vi forresten fleire rendølar som er her, til feiring på elvebreidda.  Vi kosa oss med litt grilling og litt fiske, men elles er vi nok mest heime og koser oss her på hytta. 

No ser det forresten ut som varmen er på veg hit, og da går det an å rigge til bordet og ta  måltida ute.  –  Vi kosar oss rett og slett her, seier Wenche når vi tek med blokk og blyant, og takkar for hyggeleg kjenskap.

Publisert: 25. juni 2022, 07:16