Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Områdeutval på befaring og møte i Todalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. juni 2022

Tysdag var områdeutvala i Nordre- og Søndre Nordmøre vannområde på befaring og møte i Todalen.  Dei to utvala hadde felles program med befaring, og var etterpå samla på Todalshytta for lunch.  Etter lunch hadde dei to utvala og lokale representantar felles møte.

Todalsturen starta med omvisning i Rossåa Settefisk, og fortsette med ein rask kafferast på Todalhytta, før turen gikk til Kårvatn og orientering om historia og målestasjonen der.  Etterpå var det omvisning og historikk ved Storfossen og Gammelfabrikken, før turen fortsette til Todalshytta og lunch – og etterpå samling og møte der.  

På møtet på Todalshytta stod mellom anna orientering om revisjon av konsesjonsvilkåra og krav om minstevassføring på agendaen.  I tillegg var det orientering om konsekvensar av klimaendringane – mellom anna info om arbeidet med oppryddinga etter ekstremvêret «Gyda» som herje surnadalføret i vinter.  Og sjølvsagt andre aktuelle saker frå dei to vannområda på Nordmøre.  

Publisert: 22. juni 2022, 08:40