Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Påskekrim 2021: del 3

Guro Redalen Laurdag 3. april 2021

I del 3 av påskekrimmen står vårteikna i kø. Men la deg ikkje bli bedøvd av pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sanser vere like krystallklår som ein Halling teke av vinden. Dette har hendt: Full forvirring mellom kjerringar av alle kjønn då det ikkje er fastsett noko idealtid […]


Påskekrim 2021: del 2

Guro Redalen Fredag 2. april 2021

Det er klar for del 2 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. Dette har hendt: Fleire pike – og gutterom står tom denne påska, og støvlaget legg seg på idrettsmerke frå lagseriestemne, premiar frå Småtrollcup og plakettar frå 4H. Tursti it´s the […]


Påskekrim 2021: del 1

Guro Redalen Torsdag 1. april 2021

Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim! Og hugs: løyser du gåta kan eit todalen.no-krus med påskegodt bli ditt.  Prolog: Nok eit […]


Første del av årets påskekrim kjem skjærtorsdag

Guro Redalen Måndag 29. mars 2021

For femte gong er det klart for svært lokal påskekrim her på todalen.no. Første episode kjem skjærtorsdag og vil forhåpentlegvis sette i gang dei små grå i heimar og hytter under påskehøgtida. Som tidlegare år vil det vere mogleg for lesarane å sende inn forslag til løysing på mysteriet før det blir avslørt 2. påskedag.  […]


Gjensyn med Vangsgutane

Guro Redalen Måndag 21. desember 2020

21. desember er det nøyaktig 30 år sidan vi benka oss rundt Norge Rundt for å sjå kjentfolk gi liv til karakterane i Vangsgutane.  Lite viste vel resten av Noreg at butikken som Eirik Husby går inn i for å finne juleheftet i bladhyllene ikkje var sjølvaste «bua» til handelsmann Nordvik. Hals eft. hadde nemleg […]


Lutefisk – ei førjulssoge

Guro Redalen Tysdag 15. desember 2020

Lukta av jul. Nellikspikar og granbar. Smult og grønsåpe. Kongerøykelse, Dahls julebrus og for nokon av oss: lut. Og ikkje av den kaustisk soda-typen. Nei, den luta som er resultatet av kontrollert fyring med bjørkaved (og berre det!), gjerne i to omnar slik at ein kan sikre seg ei raus bøtte med det grå oskegullet.  […]


Då landvinden kom med spanskesjuka

Guro Redalen Torsdag 3. desember 2020

Få av oss hugsar spanskesjuka, ein influensapandemi som herja i 1918-19. I årets Jul på Nordmøre har Eivind Hasle sitert frå distriktlegen i Surnadal, Torkel Arup Schive Seip, som skreiv i 1919 «Iakttagelser under influenzaepidemien», der han viser korleis smitten følgjer samferdselsvegane i kommunen, og der han mellom anna fortel ei historie frå Todalen som […]


Sissel Halset Storslett framfor eit av måleria ho har med på utstillinga "Haustlys" Ser du kvar motivet er frå?

Kunstutstillinga «Haustlys» opna

Guro Redalen Laurdag 21. november 2020

Surnadal Kunstforening markerer overgangen mellom haust og vinter med utstillinga «Haustlys» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Todalingen Sissel Halset Storslett er ei av dei 14 av medlemmane av kunstforeninga som er med på utstillinga som var opna laurdag 21. november. Med Alex Trio og tonar frå varmare strøk der sola faktisk skin hakket oftare enn på «Schjess» vart utstillinga […]


F.v.: Liv Jorunn Bævre Moe, Åse Ville Redalen og Kari Kvendset.

Saman om lefsebaking til jul i 35 år

Guro Redalen Måndag 16. november 2020

For andre var det kanskje ein vanleg måndag i november, men for Liv Jorunn Bævre Moe, Åse Ville Redalen og Kari Kvendset var det i dag på tide å brette opp bakstermane og knyte på forkleet for det som er eit av høgdepunkta i førbuingane til jul. For 35. gong var dei samla til å […]


Todalingen – ein forløpar til todalen.no

Guro Redalen Laurdag 7. november 2020

I oppryddinga av tidlegare praktverk (òg kjent som arbeidsbøker til ymse 4H-oppgåver …) dukka det opp ei utgåve av den svært lokale avisa Todalingen. Dette var ei avis som inneheldt lokalt stoff slik som referat frå fotballkampar, kryssord, Lailas morohjørnet, spørjespalte og intervju med sambygdingar. Kort sagt ei nyheitsperle som fleire bør få sjansen til […]


Lokale godbitar endeleg å finne på Hals!

Guro Redalen Tysdag 29. september 2020

Ein god grunn til å svinge innom Hals-bua dei næraste dagane er at Todalen Meieri no for første gong har varer til sals i butikken. Det er tre typar yoghurt: naturell, søt og tyttebær. Ellers er det ferskost naturell og ferskostkuler i krydderolje.   -Vi håpar det blir teke godt i mot, og at bygdafolk og […]


Oppdatert informasjon om påvist smittetilfelle med covid-19 i Surnadal

Guro Redalen Fredag 18. september 2020

Surnadal kommune heldt fredag ettermiddag eit pressemøte med oppdateringar knytt til det påviste smittetilfelle med covid-19 i Surnadal. Ordførar Margrethe Svinvik starta møtet med å orientere om at dei iverksatte tiltaka som vi tidlegare i dag har orientert om i denne saka vil halde fram over helga og bli vurdert på nytt måndag. Kommunelege Bjørn Buan […]