Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 96 artiklar i dette arkivet.


Vellukka sjøfiskekveld på Nordvik

Stig Husby Laurdag 8. august 2020

Fredag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskeforening til sjøfiske på Nordvik. Dei inviterte barn med foreldre, og oppfordringa var å ta med seg fiskeutstyr, samtidig som arrangøren stilte med noko fiskeutstyr og båter.


Ryddedugnad rundt ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. august 2020

Onsdag kveld arrangerte Drift- og anleggsgruppa i Todalen Idrettslag ryddedugnad rundt ungdomshuset, for å pynte opp til Sommarfesta på laurdag. Både busker og små tre måtte gje tapt for ein effektiv dugnadsgjeng. Graset rundt ungdomshuset vart strigla og stelt. Grusplassen ovanfor ungdomshuset vart overgått og grastustar og blomster som hadde vokse opp fjerna. Det var […]


Hønhalsen er åv!

Guro Redalen Tysdag 14. juli 2020

Det er ei stor glede å kunne melde at Hønhalsen 2020 er «gått åv», og med dette er badesesongen i Todalen offisielt opna! For utabøgdes og andre uvitande kan det kanskje verke merkeleg og litt morbid å feire at ein hals blir delt. Men for oss andre med hug for friske elvebad og minne om […]


Grilling ved elvebredden

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. juli 2020

Toåa tursti har vorte ein stor suksess med mange daglege turgåarar, både frå nær og fjern. Det er to gapahukar og fleire tilrettelagte sitteplassar langs den ca. 1,8 kilometer lange turstien, Gapahukane er lokalisert i Båthølen og i Gunnøya. Måndag føremiddag tikka det inn ein sms, eller rettare sagt plinga den inn, med invitasjon til […]


Opning av kunstutstilling i Skulstuå

Stig Husby Sundag 12. juli 2020

Todalingar og tilreisande sørga for eit solid oppmøte på opninga av kunstutstillinga til Odd Ingar Skrøvseth i Skulstuå. Kunstnaren sto sjølv for opninga, og svinga du ikkje innom utsillinga søndag er det heldigvis fleire sjansar i sommar. I to høgder viser Skrøvseth fram måleri, tresnitt, litografi og monotopi. Dei frammøtte til opninga fekk høyre historia […]


Vask av Svinviktunnelen

Guro Redalen Onsdag 1. juli 2020

Mesta melder om at det blir vasking av Svinviktunnelen i morgon kveld (2. juli) frå kl. 20.00 og utover. Det er ope for ferdsel, men det blir manuell dirigering og redusert fart (50 km/t).


Koking av vatnet

Guro Redalen Sundag 28. juni 2020

Husby og Halle vassverk melder om at abonnentane må koke vatnet måndag 29. juni. Dette gjeld for heile måndagen, og skuldast straumbrotet 28. juni og 29. juni.  


Sommarnatt på Bjøråskaret

Tekst og foto: Harald Egil Folden Laurdag 27. juni 2020

Harald Egil Folden gjekk frå Innerdalsmerket til Bjøråskaret 25.-26. juni og har lagt ut opplevinga på eiga heimeside, noko han gjerne òg vil dele med lesarane av todalen.no.   Så klikk her på denne lenka for å lese meir og sjå flotte foto frå turen! 


Svorka varslar straumutkopling søndag

Guro Redalen Laurdag 27. juni 2020

Grunna naudsynt arbeid på straumnettet blir det ei utkopling av straumen i området Ranes – Stangvik -Todalen søndag 28. juni frå kl. 22.oo til måndag 29. juni kl 06.00.    


Todalsdagen 2020

Stig Husby og Bjørn Gunnar Ansnes. Laurdag 27. juni 2020

Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020. Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på […]


Friidrett på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. juni 2020

Torsdag kveld var det duka for årets første friidrettskveld på Bordholmen. 8 ungar og mange vaksne var møtt opp for å hoppe lengde (med og utan tilløp), kaste ball og springe 60 og 400 meter. Sjølv om oppmøtet var litt labert, var innsatsen til dei frammøtte stor, og alle deltok på alle øvingane. Alle klar […]


Med staver til Kårvatn og Nauståfossen

Tekst og foto: Bitten Ranes Torsdag 25. juni 2020

Vi holder på tradisjoner vi i stavganggruppa! I år som tidligere år gikk siste tur før ferien til Kårvatn og Nauståfossen. Kårvatn er et spesielt sted, det ligger så vakkert til rammet inn av høye fjell. Turen inn til fossen er flat og det er enkelt å komme seg inn dit. I dag var fossen […]