Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 179 artiklar i dette arkivet.


Kåring av månadens bilete i september

Guro Redalen Sundag 11. oktober 2026

Frå Økjeskarsvatnet og Sør-Troms til solnedgangar, innhausting og utsikter mot paradis. No kan du vere med og kåre månadens bilete for september blant dei flotte bidraga som har vore publiserte som Dagens bilete på todalen.no. Stem på favoritten din innan 18. oktober!


Innerdalen månadens bilete i august

Guro Redalen Tysdag 22. september 2026

Jon Bruset er vinnaren av månadens bilete for august med det flotte biletet Innerdalen. Vi gratulerer og tek gjerne imot nye blinkskot til neste kåring!


Stem på månadens bilete

Guro Redalen Laurdag 12. september 2026

August er over, og som vanleg har lesarane våre fanga månaden gjennom kameralinsa. No kan du vere med og kåre månadens bilete blant dei innsendte bidraga på todalen.no. Stem på din favoritt og hjelp oss å finne biletet som best fangar august 2026!



Kåring av månadens bilete i juli

Guro Redalen Tysdag 4. august 2026

Juli baud på både englar, blåbær, gammalost, fiskelykke og fjellmat i sekken. No er åtte nye kandidatar klare til kampen om tittelen Månadens bilete. Kven stikk av med sigeren denne gongen? Stem på favoritten din før midnatt tysdag 11. august!


Månadens bilete i juni

Guro Redalen Laurdag 1. august 2026

Det løner seg å vere vaken om natta! Med det vakre biletet Natt har Ragnhild Ansnes Moe fanga ein raudglødande sommarnatt og vunne kåringa av månadens bilete for juni. Vi gratulerer!


Frå Hønhals til handduk – årets badetemp er klar!

Guro Redalen Fredag 17. juli 2026

No er det offisielt badeføre i Todalen! Hønhalsen har vore åv sidan 4. juni, badestranda held 21 grader og Båthølen 18 grader. Målingane er utførte med eit termometer av varierande vitskapleg kvalitet, men bodskapen er klar: No er det berre å hoppe uti før sommaren ombestemmer seg.


Kåring av månadens bilete i juni

Guro Redalen Onsdag 15. juli 2026

Juni baud på lyse sommarnetter, grøne landskap og mange flotte fotomotiv. No er det på tide å kåre månadens bilete blant kandidatane som har vore publiserte som Dagens bilete. Kven meiner du fortener tittelen denne gongen? Røystinga er open til 22. juli ved midnatt.


Månen i Bjøråskaret kåra til månadens bilete for mai

Guro Redalen Onsdag 15. juli 2026

Siv Halle vann røystinga med fotoet Månen i Bjøråskaret og er dermed vinnaren av månadens bilete for mai 2026. Gratulerer! Med det er endeleg også mai teken hand om, og bilderedaktøren kan med lett hjarte vende blikket mot kåringa av månadens bilete for juni. Ei kåring som er rett rundt Kammen.


Kåring av månadens bilete i mai

Guro Redalen Laurdag 4. juli 2026

Vi trudde vi var klare til å kåre månadens bilete i juni. Då oppdaga vi at mai framleis sat urøysta att som eit einsleg bakels etter Todalsdagen. Hjelp oss å rette opp tabba!