Blinkskudd månadens bilete i januar
Det var Solvor Røen som stakk av med sigeren i kåringa av månadens bilete denne gongen.
Vi fann 181 artiklar i dette arkivet.
Det var Solvor Røen som stakk av med sigeren i kåringa av månadens bilete denne gongen.
Månadens bilete for januar er klart til avstemming. Måneskin, nordlys, dyreliv og kveldsro – ja kandidatane er like varierte som januar sjølv. Ta ein kikk på bileta og stem på favoritten din.
Årets bilete 2025 er endeleg klart for avstemming! Tolv månader med kvardagsglimt, naturstemningar og lokale blinkskot er samla, og no er det du som bestemmer kva bilete som skal få den gjeve tittelen Årets bilete 2025. Røyst på favoritten din blant månadsvinnarane før midnatt 27. januar.
Månadens bilete i desember er kåra: Ingri Bruset vinn med det stemningsfulle biletet Måneskin over bygda. No ligg alt til rette for kåringa av årets bilete – følg med for røysting og vidare avsløringar.
Kva var det beste biletet i desember? Røyst no, og bli med på siste sjanse til å få ein kandidat vidare i kåringa av årets bilete 2025.
Anja Nordvik vann novemberkåringa av månadens bilete med motivet «Den første snøen». Vi gratulerer!
Det på tide å røyste fram det beste bilete i november. Så ta deg pause fra takvask, dompapmating og sylterulling for å avgi stemme.
Olav Halle køyrde inn til siger i oktoberkåringa med motivet Volkswagen i solnedgang. Med flest røyster frå lesarane tok han førsteplassen i eit felt fullt av sterke blinkskot. Vi gratulerer!
Amy stoppa ikkje kaffekokinga nei, og det gjorde ikkje fotografane i Todalen heller. No kan du røyste på månadens bilete – frå haustgull og kveldshimmel til nordlys og røsslyng.
Røystinga er open til måndag 10. november ved midnatt.
Torkjel Ansnes Moe tok sigeren i september med Krokvatnet. Klikk inn og finn ut korleis du kan bli bygdas neste naturpaparazzi.
Kven knipsa best i september? Frå humle til horn, fjordglød til nysnø – kandidatane til månadens bilete er like varierte som vareutsalet på bakrommet på Hals. Stem på din favoritt no, og bli med å kåre Todalens neste linse-legende!
Alfred Kvendset fanga solnedgangen frå Snøfjellet, og gjekk av med sigeren i månadens bilete i august! No er september her med haustlys og gyllent lauv, og kanskje er det du som fangar det beste blinkskotet i september?