Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Grilling ved elvebredden

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. juli 2020

Toåa tursti har vorte ein stor suksess med mange daglege turgåarar, både frå nær og fjern. Det er to gapahukar og fleire tilrettelagte sitteplassar langs den ca. 1,8 kilometer lange turstien, Gapahukane er lokalisert i Båthølen og i Gunnøya.

Måndag føremiddag tikka det inn ein sms, eller rettare sagt plinga den inn, med invitasjon til grilling og kaffe ved den nye bålplassen i Båthølen, som vart ferdig sist måndag. Då vi kom fram var primus motor Elinor full gang med å legge opp ved i gapahuken saman med ved-leverandør Håvard. Men ved-pallen vart fort og effektivt tømt og veden kom under tak. Etterpå vart bålet tent og her var det grilling av pølser med og utan pinnebrød og marshmallows til den som ville ha. Kaffekjelen kom og fram til glede for den eldre delen av dei frammøtte.

Elinor og Håvard i full gang med å legge opp bål-ved.

Om litt er kaffen klar!

Dette var eit koseleg tiltak vi håper å fleire invitasjonar til!  

Publisert: 14. juli 2020, 09:22