Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka sjøfiskekveld på Nordvik

Stig Husby Laurdag 8. august 2020

Fredag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskeforening til sjøfiske på Nordvik. Dei inviterte barn med foreldre, og oppfordringa var å ta med seg fiskeutstyr, samtidig som arrangøren stilte med noko fiskeutstyr og båter. 

Klokka 18 på Slettnesset på Nordvik møtte det 12 barn med foreldre som var klare for å teste fiskelukka på fjorden. 

Leon Haga hadde ekstra god grunn til å vera fornøgd, han tok dei største fiskane på rundt 11 kilo. Ei stor oppleving, som vi ser på bileta.

Stolt fiskar, Leon Haga tok dei to største på 11,57 og 11,54 kilo. Foto: Karin Åsbø

«Fiskesommar» er eit sentralt ledd i Norges Jeger- og fiskeforbund si satsning på barn og ungdom, der lokalforeninger over heile landet tilrettelegg for ulike fiskearrangement i elver, sjø og vatn. Lokalforeininga fyrte også opp bålpanna og sørga for mat og drikke denne kvelden.

Mykje storsei i fjorden vart det konstantert. Nise var det også å sjå. Foto: Karin Åsbø

Fornøgde deltakere fredag kveld gler seg allerede til neste sjøfiskekveld.

12 deltakere hadde ei fin oppleving på sjøfikselvelden på Nordvik Foto: Karin Åsbø

Publisert: 8. august 2020, 13:33