Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hønhalsen er åv!

Guro Redalen Tysdag 14. juli 2020

Det er ei stor glede å kunne melde at Hønhalsen 2020 er «gått åv», og med dette er badesesongen i Todalen offisielt opna!

For utabøgdes og andre uvitande kan det kanskje verke merkeleg og litt morbid å feire at ein hals blir delt. Men for oss andre med hug for friske elvebad og minne om truslar om dobbel lungbetennelse ved bading før den baderegulerande halsen fell, er dette eit av året sine viktigaste hendingar sjølv om postadressa ikkje lengre enn 6645.

I år vil det i eigne erindringar kanskje bli notert slik: Frukosten var over, og ein hadde glidd over til kopp to eller tre med kaffi. Været var på nivå med det eit litt redigert postkort. Hønhalsen sitt fall var allereie diskutert med nærskylde ekspertar. Fleire gonger. Kikerten, han som berre er nytta for finsjåing og detaljar, var teke fram. Var den siste fliken av halsen som hadde skapt hovudbry det siste døgnet enno standhaftig på plass? For så. Kl 09.20 lokal tid. Dette undret ein har venta på i over eit år. Paukar og basunar. Munnharpespel og seljefløytelått. Utan kikert kunne sjølv dei nærsynte sjå at Hønhalsen 2020 hadde falle! For ein merkedag, no var det berre å ta turen til elva for eit bad … eventuelt gle seg over at det no er mogleg når gradestokken igjen kryp seg mot kortbrok-vêr.

Så: til lukke med dagen alle medbadarar! Hugs at det blir litt varmare i elvevatnet etterkvart når du misser litt av kjenslene i leggane …

Publisert: 14. juli 2020, 09:52