Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddedugnad rundt ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. august 2020

Onsdag kveld arrangerte Drift- og anleggsgruppa i Todalen Idrettslag ryddedugnad rundt ungdomshuset, for å pynte opp til Sommarfesta på laurdag. Både busker og små tre måtte gje tapt for ein effektiv dugnadsgjeng.


Graset rundt ungdomshuset vart strigla og stelt. Grusplassen ovanfor ungdomshuset vart overgått og grastustar og blomster som hadde vokse opp fjerna.

Det var 8 menn som møtte opp og dugnaden vart raskt og effektivt unnagjort. Til slutt vart det servert kaffi og noko å bite i.

Så no er alt klart til Sommarfesta, så då håper idrettslaget på finvêr og mykje folk.   

Publisert: 6. august 2020, 11:32