Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2021: del 1

Guro Redalen Torsdag 1. april 2021

Påskemorgon skal slukke sorgen, men først skal vi løyse eit mysterie saman. Så det er berre å helle oppi meir kaffi i koppen, smøre hjarnecellene med rett farge Swix og snurre på Poirot-barten – her kjem nemleg del 1 av årets påskekrim! Og hugs: løyser du gåta kan eit todalen.no-krus med påskegodt bli ditt. 

Prolog:
Nok eit år for todalen.no var summert opp. Styreleiar Husby sukka. Logga seg ut av Teamsmøte som i år hadde vore årsmøtet til nettstaden. Overredaktør Ørsal hadde vore innom og dokumentert, og straks var nok referatet publisert. Dataekspert Byteng hadde òg pakka sakene sine og forlate åstaden. Styreleiar Husby stirra tomt ut i lufta. No måtte noko skje snart. Noko nytt! Noko som kunne engasjere lesarane og ta lesartala til nye snøkledde fjelltoppar. Ei toppsak heile verda ville engasjere seg i, og som kunne gje ringverknader SuSu-samarbeidet berre kunne drøyme om. Og helst utan at det innebar ei flaggermus frå Kina … Han sukka igjen. Reiste seg frå bordet, gjekk bort til glaset og skoda utover den mørklagte dalen. Nei, noko måtte skje. Men kva?

Der fjorden går mot fjella inn. Der ligg dalen, slik han har gjort sidan Tov skoda utover han fyrste gongen frå Sjåarberget. Her ljoma vakker salmesong, enno heilt utan støy frå tungtrafikk frå Todalsfjordsprosjektbrua. Og elva, ja ho går fortsatt i foss og sving. Her kor kjerringane diltar på idealtid, og skrommeltoget hadde si vogge. Dei gamle fjell i syningom. Vårsøg i lufta. Nok snø på toppane til dei som likar slikt. Og bar asfalt til dei som trivst med det. Alt slik det skal vere ei påskehøgtid i 2021.

Eller. Alt var jo ikkje slik som det skulle vere. Ein ubuden virusgjest hadde spent fot på planene for dei fleste bortkomne søner og døtrer av dalen som no ikkje kunne reise hæm te påsk. Men nok om det. La oss ikkje grine over spilt mjølkerull på Tristeinan. Vi stikk ut ein tur!

På Todalen tursti, denne nye stripa for trim og hyggelege treff, var det jamn sig av folk og firbeinte som hadde scanna qr-koden for å delta på verdspremieren av Gunnøydilten. Frk Bladfyk hadde snike seg inn fjorden som ein skip til Bjørgvin i 1349 … i god tid til at påskehøgtida kunne feirast i friluft med ein radius på to meter til andre. No var ho klar for å spisse pennen og ta pulsen på påska. Og kva var vel betre stad enn å starte her? Hm. Var det ikkje stadnamngjengen til Todalen Historielag som sto der borte med eit utbretta kart og store armrørsle? Men før ho hadde fått tenkt tanken ferdig dukka Tursti Bolme opp. Og Bladfyk, som ofte før, snakka seg reint bort. 

Det var seint på kveld. Mørke hadde tent månen over Snøfjellet. Den stille veka levde opp til namnet sitt. Handelsmann Nordvik derimot hadde ikkje tatt fri eller kvelden. Det var madrassar som skulle til nye eigarar frå agenturlageret på Sias, så her var det ikkje noko kvile på gåsedun eller springfjør. Men kva var det? Lyden av glas som vart knust? Han såg forvirra rundt seg. Hadde han sveiva ned noko med den extra quialty opphøgt i andre komfort – overmadrassa? Nei. Handelsmann Nordvik kunne ikkje sjå noko. Det var kanskje på tide å kome seg heim. Han starta opp den trufaste hjelparen Støvbrettet og svinga seg innpå vegen. Noko i sidesynet fekk han til å stoppe bilen. Lys i Ørsallia? Var det oppe på Skihytta? Og ikkje berre lys, men det blinka. I korte og lengre intervall. Og så var det mørkt igjen. Handelsmannen kjente pulsen langt oppe i Hønhasjen. Ok. Kanskje på tide å ta fri eit par dagar. Og halde langfredagen heilag.

Først publisert: 1. april 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2021, 10:34