Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Gunnøydilten over fire dagar»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. mars 2021

I ei pressemelding frå Trimgruppa i Todalen Idrettslag no i dag, får vi opplyst at Trimgruppa, som ein deirekte konsekvens av smittevernreglane i samband med korona, må avlyse fleire av sine tradisjonelle påskearrangement. Difor lanserer dei «Gunnøydilten over fire dagar» som ein alternativ aktivitet. «Gunnøydilten over fire dagar» har verdspremiere skjærtorsdag og blir avslutta påskesøndag. 

I pressemeldinga frå Trimgruppa heiter det: – I og med at Buan og Høie har så strenge coronarestriksjonar kan dessverre ikkje trimgruppa i Todalen IL arrangere sine tradisjonelle påskeaktivitetar som Kjerringdilt på Skihytta eller pølsegrilling etter påskegudstenesta på Haugligardane. Derfor har det vore tenkt litt nytt for å få litt aktivitet blant folket desse påskedagane der skisesongen kanskje ser ut til å vere på hell.

– Skjærtorsdag blir det derfor verdenslansering på «Gunnøydilten over fire dagar» i Toåa Tursti. Meir som ein maraton tenkjer du? Nei da, du treng ikkje å gå alle dagar frå morgon til kveld, men du kan gjerne ta turen fleire gonger fram til 1. påskedag. Gunnøydilten var første gong arrangert i påska 2019 (Mann av huse for «Gunnoydilten» 2019), ein kjempesuksess med over 150 deltakarar. Dette er naturleg nok ikkje innafor i år, så derfor sprer vi arrangementet over fire heile dagar, med enkel digital registrering ved gapahuken i Båthølen. Du vel sjølv kor og når du går.

Kart som viser Toåa tursti og parkeringsplassane som kan nyttast.

QR-koden vil bli opphengt på informasjonstavla ved gapahuke ved Båthølen. 

Slik ser QR-koden ut. Foto: Todalen I.L. – Trimgruppa

Slik går du fram for å registrere deg:

  1. Opne kameraet på telefone, og fang QR-koden på plakaten som blir opphengt i Båthølen. 
  2. Klikk på linken som kjem opp på telefonen 
  3. Skriv inn namnet ditt og dato. Legg til fleire deltakarar ved behov.
  4. Trykk send og du/de er registrert

Alle som registrerer seg med navn i skjemaet er med i trekninga av fine premiar. Lagra info i skjema blir kun nytta til å registrere antall deltakarar og trekkje ut premiar.

Trimgruppa håper på god oppslutning med 2 meter i mellom kohortane, men likevel med hyggeleg prat rundt om i Toåa tursti utover påskehøgtida.

Publisert: 30. mars 2021, 12:57