Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2021: del 3

Guro Redalen Laurdag 3. april 2021

I del 3 av påskekrimmen står vårteikna i kø. Men la deg ikkje bli bedøvd av pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sanser vere like krystallklår som ein Halling teke av vinden.

Dette har hendt: Full forvirring mellom kjerringar av alle kjønn då det ikkje er fastsett noko idealtid på dilting i år. Er gabbklabb å finne som stadnamn? Og er det tilfeldig at det er sørsida blinkar til med uglar i morsen? Heng på!

Like naturleg som bakels og græt, kjøtt å påsse og ananas på pizza, var det å svinge innom Halsbua for ei påskelaurdagsoppdatering og etterfylling av påskeegget.

Det kjente vårteiknet spyling av asfalten utanfor butikken fall i år saman med ein av årets travlaste handledagar. Nokon vil kanskje påstå at Todalen brannvesen kunne «hille opp me sa» akkurat denne dagen, men det er ikkje slik det fungerer. Det frivillige brannvesenregel nr 1 var: det passar aldri med brann. Og det ga heilt klart rom for ei lokal tolking med at det passar aldri med brannøving. Så det blå varsellyset blinka blidt i vegkanten medan asfalten fekk seg ein vårpuss og utstyret vart testa.

Innomhus var stemninga mindre lystig. Kaffekroken koka nesten over, det nylaga skiltet på Innerdalsmerke var nemleg borte. Skiltet var ein tru kopi av det gamle skiltet, som anslagsvis kunne ha vore frå tidleg 1900-tal i følge Stadnamnfinnar Halle. Bladfyk var på veg til å ta notatar til ei etterlysning på todalen.no men Redaktør Ansnes var alt på saka og låg fleire stavtak framfor ho. Og før diskusjonen hadde roa seg (og sklidd over til ein diskusjon om at når ei svulu (svale red.anm.) flyg høgt var det eit vårteikn på godvêr) låg nyheitssaka ute. Påskefreden var broten, og brått avskilta.

På veg ut døra på Hals såg Bladfyk av gamal vane opp mot Hønå for å sjekke korleis det låg an med Hønhasjen og badesesongen. For utabøgdes og andre uvitande kan det nok kanskje verke merkeleg og litt morbid å feire at ein hals blir delt. Men for dei med hug for friske elvebad og minne om truslar om dobbel lungbetennelse ved bading før den baderegulerande halsen fell, er dette eit av året sine viktigaste hendingar på nivå med Kjerringdilten, Romjulsmarsjen, Skrommeltoget og fæt-tisdag. Og det sjølv om postadressa ikkje lengre er 6645. Og det var jo ein kjent sak at elvevatnet blir varmare etterkvart når du misser litt av kjenslene i leggana. Men det var alt for tidleg i snøsesongen, og Høna hadde tydeleg grava seg ned i tide.

”Finn de det de leitar etter?” Det var husstyrar Moe som stakk hovudet inn til HK Stadnamnprosjektet.  Dei fekk det travelt med å rydde saman dokumentet dei hadde stått bøyd over. Ivrig fortalte dei om rabb og le, og knobb og knatt. Og ei og anna furru, toill og gaidd. Husstyrar Moe lot blikket vandre rundt i rommet og følgde ikkje heilt med. Han skotta opp mot galleriet. Døra til loftsrommet sto på gløtt. Merkeleg. Vanlegvis var ho låst. Han unnskyldte seg, og kleiv opp den bratte trappa til galleriet. Så sanneleg. Nokon hadde fått opp låsen og brutt seg inn. Og det så treflis låg strødd utover golvet.

 

Først publisert: 3. april 2021, 07:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2021, 10:56