Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskekrim 2021: del 2

Guro Redalen Fredag 2. april 2021

Det er klar for del 2 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid.

Dette har hendt: Fleire pike – og gutterom står tom denne påska, og støvlaget legg seg på idrettsmerke frå lagseriestemne, premiar frå Småtrollcup og plakettar frå 4H. Tursti it´s the new black og handelmenn tek påskefri. Ikkje noko kan vel overraske i 2021. Eller?

Ungdomshuset. Dette huset bygda har feira mang ei anledning. Frå barnehagekvardag, til bryllaup, basar, polskurs, pilkast, sceneopptreden og sveitte swingdansar. Tombolahjul med premiar på øvste hylle, og skifte av filmrull når det passa minst i bygdekinofilmen. Eit hus så sentralt i mangt eit minne. Om han som stupa ut av seterglaset i Rommådalshelg, til den kjente operasongarinna som måtte skifte på dametoalettet der det verken var plass til kjolar eller divanykker. Fram då frendar i fredelg kappstig, sjølv om det er ein blodraud dag på kalenderen.

For i Ungdomshuset gjekk diskusjonen over eit langbord fylt med kart og dokument som ikkje hadde sett dagslys sidan oldefar til skiskytar Sturla Holm Lægreid var dyrlege i bygda. Med nypussa blikk var dei tre stadnamnvise menn i gang med å registrere gamle stadnamn. Eller «gangle» som overredaktør Ørsal ivrig hadde skrive i reportasjen om dei på todalen.no. Arbeidet snirkla seg som elva sakte framover. Klevet, Kvilarrota, Småhjellan, Bleikhammaren, Kulia, Fallet, Fallbekken … Men kva var dette? Eit dokument stempla «ikkje offentleg» låg mellom to kartblad. Dei tre såg på kvarandre. Dei burde kanskje ikkje … Stadnamnregistrerar Halle tok ordet «Eg tenkjer som så. Dette er ikkje offentleg. Det vi eventuelt finn blir mellom oss. Einig?» Dei andre nikka, og held nesten pusten i det dokumentet vart bretta ut mellom dei.

Mindre aktivitet var det på Skihytta denne langfredagen. Normalt skulle bakelspressa no vore i gang. Folk ville ha klumpa seg saman i påvente av at Handelsmann Nordvik, òg kjent som Kjerringdiltgeneral, skulle gje klarsignal til at det var på tide å få på seg skia for å delta i årets mest prestisjetunge skirenn. Ingen spekulasjonar om idealtida var best for folk frå flataste Prærien eller dei meir bakkevante frå Hallset låg i lufta dette året. Nei, ikkje eingong ein eim av svartbrent grillpølse krydra fjelllufta. Fjesbokvarslar Moe tok eit bilde og la det kjapt ut på sosiale media. «Stilt på Skihytta i år ja» skreiv han. Nei, det var vel på tide å ta turen ned i dalen igjen. Han håpa at returen skulle bli litt enklare. Opp lia hadde det nemleg vore nullføre, fantom fellesig, gaddklabb og fanden si oldemor. God påskestemning med andre ord. Det såg forresten ut som at det var folk på Ørsalsetra, utan at det var noko merkeleg med det.

Kort. Lang. Kort. Kort. Kort. Årets kundebehandlar Post i butikk 2020 såg opp mot Ungdomshuset der lyset akkurat hadde blitt slått på og av frå loftsrommet. Var det problem med lyset på Ungdomshuset? Nei. No var det mørkt igjen. Ho sto litt og venta. Ungdomshuset var like mørklagt. Hadde ho venta litt til før ho gjekk inn igjen ville ho kanskje ha sett at det hadde blinka Kort. Kort. Lang. Kort. som svar frå Ørsallia.

 

Publisert: 2. april 2021, 07:00