Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lutefisk – ei førjulssoge

Guro Redalen Tysdag 15. desember 2020

Lukta av jul. Nellikspikar og granbar. Smult og grønsåpe. Kongerøykelse, Dahls julebrus og for nokon av oss: lut. Og ikkje av den kaustisk soda-typen. Nei, den luta som er resultatet av kontrollert fyring med bjørkaved (og berre det!), gjerne i to omnar slik at ein kan sikre seg ei raus bøtte med det grå oskegullet. 


For dei som hugsar tilbake til 16. november og eit hint om andre juleførebuingar i omtale av lefsebaking, så var det altså det dagen då omnane i Austigarden på Kvendset vart tømt for anna oske og klargjorte for den meir høgtidelege fyringa. Og på svar på kva anna som kan bli brent i denne perioden saman med bjørkeveden er enkelt: ikkje noko! Her skal ikkje ei snytefille, plastbit, mandarinskal eller twistpapir få bli ein del av Den Heilage Blandinga. At denne regelen ikkje har fått plass i Noregs lover er eigentleg ei gåte …

Når bjørkeveden minkar i vedskottet, og kalenderen viser at det er på tide å gå vidare i prosessen blir oska sikta for å få bort større bitar. Ei egna gryte som ikkje er av aluminium (viktig!) blir satt til oppkok med vatn og oske. Her seier kjeldene at det òg er mogleg å slå kokande vatn over ei plastbøtta med oske i. Men her garden blir altså ei gryte som tek seks liter med vatn blanda med halve av det nysikta innhaldet i oskbøtta. Dei oppvakte har sikkert alt skjønt det, men her skal alle med: dette blir gjort to gonger for å få bruka alt innhaldet i bøtta. Å bruke ei større gryte seier du? Nei, det er slik det skal vere. 


Blandinga blir så satt ut til avkjøling slik at luta blir klår og blank. Nytt gjerne tida til å sjå om den andre delen av denne førjulssoga, nemleg fisken, viser teikn til å vere klar. Tørrfisk må gjerne ligge til bløyt i ei veke. Så har du ikkje lagt han i vatn før no, så må luta dra krakken bortom glaset og puste på ei stund. Vatnet på fisken skal bli skifta kvar dag, så du rekk å bli godt kjent med kvar ein enkel bit før veka er omme. Det er fint å vere fast i fisken, men her er det altså ikkje ein fordel. 

  
Om fisken er passe oppblauta og luta er klår, er det på tide å sile luta igjennom eit klede. Det vil alltids vere igjen litt uønska partiklar i luta, så la luta få ein pause slik at eventuelle oskebitar får søkke til botn. Om du ikkje gjer dette kan du ende opp med grå fisk, og det har vel aldri vore eit skinande midtpunkt på festbordet.


Litt vatn nederst i karet må til. Så er det endeleg på tide at dei to partane møtes for å danne det som forhåpentleg blir eit vellykka samarbeid. «Lut, møt fisk» «Fisk, hels på luta!» Spar gjerne litt av luta i tilfelle blandingshøve må bli justert. 

Og så er det å vente og sjå. Om det er god match mellom lut og fisk, puffar fisken seg opp. Men om han derimot får «kattungar». altså at ytterlaget blir lòden , er luta for sterkt og meir vatn må til. Og gir ikkje fisken teikn til noko endringar, må det meir lut til.

Ill: henta frå verdsveven, ukjent opphav.

Fisken ligg i luta omlag i to dagar, før han må seie farvell til luta og nøye seg med kaldt vatn igjen. Og så spørs det då … kor lenge skal fisken ligge i vatnet? Tja, 2- 3 dagar? For: Blir han for mykje luta, eller for lite i år? Rak? Eller perfekt? Det svaret får vi på julekvelden. 

Publisert: 15. desember 2020, 14:43