Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første del av årets påskekrim kjem skjærtorsdag

Guro Redalen Måndag 29. mars 2021

For femte gong er det klart for svært lokal påskekrim her på todalen.no. Første episode kjem skjærtorsdag og vil forhåpentlegvis sette i gang dei små grå i heimar og hytter under påskehøgtida. Som tidlegare år vil det vere mogleg for lesarane å sende inn forslag til løysing på mysteriet før det blir avslørt 2. påskedag. 

Tittelen i år er : «Ta va merkene» og anna som ikkje rimar på svartbrent pølse, så då er vel enkelt å tenkje seg til handlinga? Eller kanskje ikkje … utan at forfattaren sjølv skal røpe for mykje, kjem det her eit lite utdrag slik at spekulatoren kan bli satt igang alt no:

Det var seint på kveld. Mørket hadde tent månen over Snøfjellet, og den stille veka levde opp til namnet sitt. Handelsmann Nordvik derimot hadde ikkje tatt fri eller kvelden. Det var madrassar som skulle til nye eigarar frå agenturlageret på Sias, så her var det ikkje noko kvile på gåsedun eller springfjør. Men kva var det? Lyden av glas som vart knust? Han såg forvirra rundt seg. Hadde han sveiva ned noko med den extra quialty opphøgd i andre komfort – overmadrassa? Nei. Handelsmann Nordvik kunne ikkje sjå noko. Det var kanskje på tide å kome seg heim. Han starta opp den trufaste hjelparen Støvbrettet og svinga seg innpå vegen. Men noko i sidesynet fekk han til å stoppe bilen …
 
Så vil du lese meir, både om dette, gabbklabb, svulu og at tursti it´s the new black, så er det altså på denne nettstaden du skal henge i påska. 
Publisert: 29. mars 2021, 14:07