Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


Normal skuledag for både grunnskulen og vidaregåande torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. januar 2024

Ekstremvêret Ingunn har ikkje vore så hardt i vårt område, som først meldt. Det er difor bestemt at det blir vanleg skuledag, både for grunnskulen og vidaregåande torsdag. Dette vart bestemt på eit møte i kriseleiinga i Surnadal kommune no på ettermiddagen. Bakgrunnen for dette er at farevarselet for Surnadal kommune er justert ned, frå oransje til gult nivå.   


«Kaffekrokens venner» igang med trim

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 31. januar 2024

I dag starta «kaffekrokens venner» opp med sin vekentlege trim på Hett & Svett. Sju stykker frå gjengen, som «normalt» er å finne i kaffekroken på Matkroken Todalen, hadde møtt fram denne første gongen. Under kyndig rettleiing frå Kjell Gunnar Polden fekk dei prøve mange forskjellege øvingar i løpet av timen som var avsett til dagens trim. 


Ekstremêret Ingunn fører til stengte skular onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Det er som følge av ekstremvêret Ingunn, som når store delar av Møre og Romsdal i løpet av onsdag ettermiddag og kveld, meldt oransje farevarsel. Alle grunnskulane i Surnadal kommune og Surnadal videregåande skole, i likheit med dei andre videregåande skulane i Møre og Romsdal difor halde stengt onsdag. Elevane som går på vidaregåande får i staden heimebasert undervisning, medan grunnskuleelevane ikkje får slik undervisning.   


Inviterer til «Barnas mini-VM» på Nordmarka

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Onsdag 14. februar frå klokka 18:00 inviterer Surnadal Idrettslag Ski, i samarbeid med Sør-Trøndelag skikrets, til «Barnas Mini-VM» på Nordmarka skistadion. Utdeling av startnummer frå klokka 17:15. Det er mogleg å få låne ski, sko, stavar, med meire for barna. 


Vil du bli ein av oss?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. januar 2024

Vil du bli ein av oss? Ei framtid i Surnadal på Indre Nordmøre. Det er spørsmålet Møre bispedøme og prost Vidar Wilhelmsen Rygh stiller i utlysingsteksta, når dei no søker etter prest i Indre Nordmøre prosti, med kyrkjene i Surnadal som særskild tenestestad. Stillinga vart lyst ledig også førre sommar, utan at det resultert i tilsetting. 


Inviterer til «Skuddårsquiz» fredag 1. mars

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. januar 2024

Todalen bøgdalag inviterer til «Skuddårsquiz» i Todalen ungdomshus fredag 1. mars klokka 20:00. Dørene opnar klokka 19:30. Quizmaster denne gongen er Endre Talgø, og bøgdalaget lover fine premiar til dei to beste laga! 


Seniorfilmklubben viser dramathrillar

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 28. januar 2024

Onsdag 31. januar klokka 12:00 viser Seniorfilmklubben i Surnadal dramathrillaren   på Surnadal kino. Filmen er laga i 2006. 


Tekne av snøras – men det gjekk heldigvis bra!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. januar 2024

På søndag hadde brørne Martin (20) og Håvard (22), saman med kompisen Ruben (22), alle tre frå Trondheim, bestemt seg for å ta ein skitur til Strengen. Da dei til parkeringsplassen på Vang, fekk dei sjå Sula, og sia det såg ut som ein meir krevjande skitur, valte dei å sette seg i bilen att og køyre til Nordvik. At dette valet skulle innebere ein skitur av det dramatiske slaget, var det ingen av dei tre som tenkte på da køyrde innover til Nordvik. Dei parkerte på parkeringsplassen på enden av Blomlivegen ved inntaksdammen, og starta på turen opp til Sula. 


Gunn Marit Nisja med «Gullungen»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. januar 2024

Sunndalingen kom med sin sjette roman før jul og vil presentere innhaldet i denne på Surnadal bibliotek tysdag 30. januar klokka 19.30. «Gullungen» er, etter kva ho sjølv seier, «ein roman om søskenkjærleik, tjuvfiske og utanforskap i den vesle bygda Grodal», og krydrar historia med mykje materiale henta frå eigen oppvekst på Nordmøre.


«Kaffekrokens venner» startar opp med trim på Hett & Svett

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. januar 2024

«Kaffekrokens venner», som har fast dagleg oppmøte i kaffekroken på Matkroken Todalen, har bestemt seg for å starte opp med trim på Hett & Svett kvar onsdag, frå klokka 10:00 – 11:00. Første trim blir onsdag 31. januar.


Balleik i gymsalen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.


Legevakta på flyttefot

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Den interkommunale legevakta i Orklandsregionen, som Surnadal kommune er ein del av, flyttar inn i nye lokale frå og med torsdag 1. februar klokka 15.30. Ny adresse er Tunvegen 15, 7320 Fannrem. Legevakta vil fram til torsdag 1. februar klokka 08:00 vere lokalisert i dagens lokaler, og flyttar altså til Fannrem klokka 15:30 same dag.