Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 1872 artiklar i dette arkivet.


Ledig tid for influensavaksinering måndag og tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. oktober 2022

Surnadal kommune opplyser at dei framleis har ledige timar for influensavaksinering, både måndag 31. oktober og tysdag 1. november. Influensavaksine er det viktigaste tiltaket for å unngå alvorleg sjukdom, men både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet er bekymra for vaksinasjonsdekninga.


Beitedyr ved traseen i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. oktober 2022

Todalen Idrettslag opplyser om at det no går beitedyr ved traseen til Toåa tursti. Det er i samband med dette sett opp grind, som kan opnast, der øvre sti ned til Gunnøya tek av. Grinda kan som sagt opnast, men må også stengast når ein har gått igjennom, slik at beitedyra ikkje «stikk av»!


Gratis «sjølvplukk» på Todalen bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. oktober 2022

Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Måndag 31. oktober mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.


Start 4H med LAN-skapsområde i ungdomshuset

Ragna Kvendset og Line Kvendset Måndag 24. oktober 2022

25 ivrige barn og unge hadde frå fredag ettermiddag til laurdag føremiddag, LAN-party oppi ungdomshuset. Svorka hadde sett opp styrken på hastigheita til fibernettet til maks styrke. Mange takk til Svorka!


Balleik i gymsalen

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. oktober 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer torsdag 27. oktober klokka 18:00 til 19:00, til balleik i gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter. Tilbodet er spesielt retta mot barn og unge i alderen 6 – 16 år.


Halloween utsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. oktober 2022

Fredag 28. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til Halloweenutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til Halloween.


Beitedyr ved Toåa tursti – ta hensyn

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. oktober 2022

Det går no sauer på beite ved deler av traseen til Toåa tursti. Todalen Idrettslag oppfordrar difor alle som går tur i Toåa tursti, om å ta hensyn til dette, slik at sauene ikkje blir skremt. Spesielt gjeld dette for dei av oss som går tur med hund.


Forviklingskomedie av Shakespeare

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 22. oktober 2022

Teatret Vårt fyller femti år i år, og torsdag 3. november klokka 19:00, kjem dei til Surnadal kulturhus med forestillinga «Tvillingene». Det blir mykje moro når to sett med sjarmerende einegga tvillingar, spela av radarparet Nils Vogt og Kim Haugen, prøver å finne seg sjølv. Slik vi alle gjer.


Historisk furu teken ned

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 21. oktober 2022

Onsdag vart den siste furua, som Erling Talgø planta på Kvennset først på syttitalet, teken ned. Erling Talgø planta rundt tretti furuer, for å pynte rundt den «nye» møbelfabrikken på Kvennset, da andre byggetrinn av fabrikken stod ferdig først på syttital. «Furuene vart henta i Hallaneset, og var mellom 2 og 3 meter høge da dei vart flytta til Kvennset», fortel Bernt Kalseth. Han hadde sommarjobb på Talgø og var med og flytta furuene og å plante dei på Kvennset. 



Inviterer til «Felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. oktober 2022

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» onsdag 26. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 


Har nokon sett Simba?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 18. oktober 2022

Natacha Nordvik, på Liatun, undrar på om nokon har sett katten hennar, som heiter Simba? Han er ein kastrert hannkatt på eitt og eit halvt år, og han er glad i folk. Han har no vore borte i tolv dagar, og Natacha lurer på om nokon har sett han?