Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2202 artiklar i dette arkivet.



Xreid Trollheimen 2023 passerte Kårvatn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman). 


Alt klart til Todalsdagen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I går kveld arrangerte Todalen Idrettslag dugnad på Bordholmen stadion, for å ta siste finpussen på anlegget før Todalsdagen laurdag 1. juli. I tillegg hadde nokre damer installert seg i ungdomshuset for å lage grillspyd og tillbehør til grillinga. Som vanleg på dugnad, så var det mange som møtte opp, slik at arbeidet vart fort ferdig. 


Stavgangarane tok turen til Kårvatn og Nauståfossen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen sin til Kårvatn og Nauståfossen. – Fossen var mektig og ville vise seg til fram til dei 21 som var med på tur idag, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa. 


Tid for oppskyting

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

Sjølv om vi akkurat har passert midtsommar, og det er ei lita stund til jakta tek til, så må dei som har tenkt seg på jakt ta til å førebu seg allereie no. Søya og Todalen Skyttarlag startar opp med oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen måndag 3. juli mellom klokka 18:00 – 20:00.


Todalen Idrettslag sitt store «Jubileumslotteri» rullar vidare

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

Laurdag første 1. juli er det duka for Todalsdagen 2023. Det er i år 30 år sidan den første Todalsdagen vart arrangert tilbake i 1993, noko Todalen Idrettslag markerer med eit stort «Jubileumslotteri» med ti fine gevinstar frå lokale bedrifter. 


Fjellgruppa avslutta vårsesongen med tur til Steinløa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens siste fjelltur, ogdenne gongen gjekk til Steinløa attom Svarrafjellet, sett frå Surnadal. – Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god, kunne Kristian Ranes i Fjellgruppa rapportere etter turen.  


Dugnad på Bordholmen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juni 2023

I forkant av Todalsdagen 1. juli, arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på anlegget på Bordholmen stadion torsdag 29. juni klokka 18:00, for å gjere anlegget klart til Todalsdagen. Det er anlegget utandørs som skal klargjerast, så ta med høveleg reiskap. 


Stavgangarane tek turen til Nauståfossen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ny stavgangtur  torsdag 29. juni klokka 11:00. Denne gongen går turen til Kårvatn og Nauståfossen.


Vårsesongens siste Fjellgruppetur på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. juni 2023

Tysdag 27. juni går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens sin siste tur til Steinløa attom Svarrafjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30. 


Kløvertur i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. juni 2023

Måndag 26. juni blir det Kløvertur i Toåa tursti. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00, så går turen derifrå bortover til Hallset bru og vidare oppover Toåa tursti. 


Fin stavgangtur til Skjennå

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. juni 2023

I går inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til Skjennå.  Atten stavgangarar møtte opp på turen frå Åsen og oppover i retning Skjennå.