Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine forhold på skeiseisen på Bordholmen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. februar 2024

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag melder at det no er fin skeiseis og gode forhold igjen på Bordholmen. – Skeiseisen er nypreparert og forholda er veldig fine, kan Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa fortelje. 

Som vi tidlegare skreiv i dag, så er det fine forhold for å gå på ski nede i bygdaså da har ein fleire alternativ for å kome seg ut for å trimme litt dei neste dagane. 

Publisert: 8. februar 2024, 18:48